Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk sjølvframstilling og iscenesetjing

Målet med denne oppgåva er at du skal forstå samanhengen mellom identitet, sjølvframstilling og iscenesetjing gjennom å delta i kreative og utforskande arbeidsprosessar.
Tre unge menneske sit ved eit arbeidsbord og diskuterer. Den eine peikar på eit bilete på ein PC-skjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Kreativ oppgåve

Kven er du på scena og av scena?

Sosiologen Erving Goffman brukte omgrep frå teaterverda for å beskrive at identiteten vår blir til gjennom stadige «skodespel» eller «framsyningar» der vi speler roller i kvardagen. Vi viser ulike sider av oss sjølve når vi er «på scena», og når vi er «av scena».

Lag ei framstilling av den du er når du er «på scena», og når du er «av scena». Du kan velje uttrykksform sjølv:

  • Du kan lage ei teikneseriestripe.
  • Du kan lage ein fotomontasje.
  • Du kan skrive ein litterær tekst (ei forteljing, eit dikt eller ein song).

Vis sjølvframstillinga di til ein medelev, og be om tilbakemelding. Snakk saman om kvifor de vel å vise fram ulike sider av dykk sjølve i ulike samanhengar.

Ein pleiar og ein eldre bebuar på ein institusjon sit i sofaen og ser i eit fotoalbum i lag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2: Utforskande oppgåve

Samanlikn selfiar med bilete i familiealbumet

Les først forskingsartikkelen «Bestemmer selv med selfie» på forskning.no. Du skal no utforske korleis måten folk framstiller seg sjølve på, har endra seg gjennom generasjonar.

  • Samanlikn og i dei bileta du sjølv postar i sosiale medium, med dei bileta foreldra dine eller andre nære vaksenpersonar publiserer. Beskriv dei viktigaste forskjellane.
  • Be om å få sjå fotoalbuma til besteforeldra dine eller ein annan eldre person du kjenner, frå ei tid då dei var på din alder. Kva motiv finn du? Korleis framstår dei på dei bileta dei er med på?
  • Dersom det òg finst bilete av oldeforeldra dine, kan du undersøkje desse på same måte.
  • Alternativt kan du ta utgangspunkt i gamle familiebilete frå ulike periodar som du finn i Digitalarkivets historiske fotoarkiv.

Lag ein skriftleg analyse av korleis fotografisk sjølvframstilling har endra seg gjennom fleire generasjonar. Bruk gjerne nokre utvalde bilete til å illustrere funna dine. Reflekter over årsakene til dei endringane du ser, og kva innverknad sosiale medium har hatt på måten vi isceneset oss sjølve på i dag.

Dersom du ønskjer det, kan du lage ein digital presentasjon av dei viktigaste funna dine og framføre han for klassen.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2020

Læringsressursar

Mediepåverknad