Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fysiske og virtuelle identitetar og venskap

Tenk på relasjonar du har hatt til vener gjennom livet ditt. Kan venskap i den virtuelle verda vere like sterke som venskap "i røynda"?
Ung kvinne med blå maling i ansiktet og lange, spisse øyre, ring i nasen og spesielle tenner som står opp frå munnen. Ho har eit band med store naglar rundt halsen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Gaming, røynd og venskap

Hugsar du historia om Mats? Les artikkelen om han igjen: Først da Mats var død, forsto foreldrene verdien av gamingen hans (NRK).

Sit saman i grupper og diskuter:

  1. Då Mats døydde, vart foreldra svært overraska over kor mange som møtte opp i gravferda. Foreldra var ikkje klar over kor mange vener Mats hadde på internett. Drøft kva dette seier om synet til ulike generasjonar på det å vere sosial eller å ha vener.

  2. Karakteren til Mats på internett heiter "Lord Ibelin Redmoore". Etter å ha lese historia til Mats, reflekter over korleis identiteten til internettkarakteren er annleis enn identiteten til Mats i "røynda".

  3. Tenk på eigne relasjonar du har hatt til vener opp gjennom livet ditt. Er relasjonen til menneske du møter, fysisk sterkare enn til dei du møter virtuelt? Kvifor/kvifor ikkje?

  4. Når ein oppnår suksess i ei virtuell verd, men ikkje i den verkelege verda, kan det òg ha nokon uheldige konsekvensar for gamerar?

Oppgåve 2. Digitalt feltarbeid

På Universitetet i Oslos nettsider kan du lese masteravhandlingar skrivne av studentar i sosiologi og sosialantropologi. Katina Ulven har har gjort feltarbeid på sosiale prosessar i dataspelet World of Warcraft og skrive World of Warcraft. En analyse av online sosialitet og kroppslige praksiser (duo.uio.no). Les side 44 i masteroppgåva, under overskrifta "4.5 Hva er en venn?", og svar på desse spørsmåla:

  1. Les definisjonane på venskap som blir presenterte i teksten. Stemmer dette med dine eigne opplevingar av venskap?

  2. Kva trur du er likskapane og skilnadene mellom to brevvener på 1800-talet og to World of Warcraft-vener i dag?

  3. Dersom du skulle ha gjort eit feltarbeid på ei digital plattform, kva ville du ha valt og kvifor?

CC BY-SASkrive av Julie Spro.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2021

Læringsressursar

Mediepåverknad