Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til filmen Catfish

Ein gut innleier eit internettvennskap med ei ung kvinne. Men er ho eigentleg den ho gir seg ut for? I denne oppgåva skal du undersøkje årsaker til iscenesetjing i sosiale medium.

Sjå den amerikanske dokumentaren Catfish frå 2010:

Oppgåve 1

  1. Les Dagbladet-artikkelen "En catfish på kroken". Korleis forklarer artikkelen kva ein catfish er?
  2. Filmen handlar om kommunikasjon og iscenesetjing i sosiale medium. Kva for gjennomgåande filmatiske verkemiddel blir brukte for å byggje opp under dette temaet?
  3. Korleis forklarer filmen den situasjonen som har oppstått?
  4. I etterkant av denne dokumentaren blei det laga ein TV-serie med same namn. Han vart først send på MTV i 2012. Gjer søk på nettet og finn ut kva konseptet i denne TV-serien er.

Oppgåve 2

Jobb saman i mindre grupper.

  1. Del erfaringar når det gjeld kontakt med folk på nettet som har utgitt seg for å vere ein annan enn den dei i verkelegheita er.
  2. Kvifor trur de nokre vel å skape seg ein fiktiv identitet?
  3. Korleis kan ein sikre at dei menneska ein er i kontakt med på nettet, er dei dei gir seg ut for å vere?

Oppgåve 3

Les fagartikkelen "Identitet og sjølvframstilling i media".

  1. Forklar omgrepet iscenesetjing og kvifor sosiale medium eignar seg spesielt godt til iscenesetjing.
  2. Nokre teoretikarar hevdar at menneske i vår tid i konstruerer sin eigen identitet gjennom å prøve ut ulike sider av seg sjølve i samspel med andre. Diskuter med ein medelev korleis ein kan bruke sosiale medium til å redefinere seg sjølv.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 18.08.2022

Læringsressursar

Mediepåverknad