Hopp til innhald

Fagstoff

Ansvar og tenesteveg

Som barne- og ungdomsarbeidar er du lovpålagd å handle dersom du har mistanke om eller veit at eit barn eller ungdom blir utsett for omsorgssvikt. Då er det viktig at du veit kva ansvar du har, og kva som er rett tenesteveg.
Silhuett av ei lita jente som sit framfor ei rund opning med himmel i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva seier lova?

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du ta barn og unge på alvor. Når du blir uroleg eller bekymra for om eit barn har det bra, må du gjere noko med bekymringa di. Du er underlagd lovfesta merksemdsplikt (barnehagelova § 22, opplæringslova § 15‑3), og viss du har grunn til å tru at barn er utsett for omsorgssvikt, overgrep eller vald, inneber opplysingsplikta (barnehagelova § 20 og opplæringslova § 15‑3) at du har plikt til å gi barnevernet naudsynt informasjon.

Ansvar

Mange barn og unge som har vore utsette for ulike former for omsorgssvikt, har mista trua på at dei vaksne vil dei noko godt. Då treng du å verke som ein trygg, kjærleg og omsorgsfull vaksen. Nokre gonger kan barn raskt få tillit til deg, andre gonger tek det lengre tid. Nokon vil avvise deg gong på gong, og ein kan lett falle for freistinga til å gi opp. Gi aldri opp eit barn eller ungdom. Mange barn og unge slit med relasjonsskadar, og av den grunnen treng dei nettopp at du er der, uansett.

Vis at du set pris på barnet, trøyst og gi barnet merksemd, svar på spørsmål det har, hjelp det til å leike med andre og gjer kvardagen så god som mogleg. I tillegg må du prøve å få barn og unge i tale. Det er ikkje skadeleg for barn og unge å snakke om det dei tenkjer og føler, tvert imot. Ved å snakke med trygge, gode vaksne om det som er vanskeleg, kan livet bli lettare, og dei kan få naudsynt hjelp.

Tenesteveg

Tenesteveg handlar om kvar og korleis du bør løfte ei sak for å få ei best mogleg løysing for barn og unge. Å følgje rett tenesteveg er viktig for alle tilsette i samband med omsorgssvikt, og det beskriv på kva nivå du skal ta opp den aktuelle saka.

Bekymring for barn eller ungdom

Når du som barne- og ungdomsarbeidar blir bekymra for eit barn eller ein ungdom, skal du ta det opp med din næraste leiar. I barnehagar er det pedagogisk leiar, på SFO er det SFO-leiar og i skulen er det kontaktlærar. Saman tek de kontakt med styrar eller rektor. De startar då ein systematisk observasjon av barnet og inkluderer dei andre tilsette som jobbar med barnet. Når de observerer, noterer de dato og klokkeslett, kva barnet gjer (konkret), og kva barnet seier.

Dersom bekymringa handlar om mindre alvorlege former for omsorgssvikt, er det naturleg å ta ein prat med dei føresette. Dette er det pedagogisk leiar som gjer i barnehagar, mens i skular er det kontaktlæraren eller sosiallæraren som gjer det. Nokre gonger treng foreldra god rettleiing og kunnskap om korleis dei kan gi god omsorg til barnet sitt. Då kan ein òg oppmuntre foreldra til å få hjelp og støtte frå til dømes barnevernet.

Sjølvstendig plikt

Dersom observasjonane gir grunnlag for alvorleg bekymring, gjeld opplysingsplikta til barnevernet. Vanlegvis blir forholda melde tenesteveg via pedagogisk leiar eller styrar i barnehagen og rektor ved skular/SFO. Dersom pedagogisk leiar/styrar eller rektor ikkje deler bekymringa di, har du likevel ei sjølvstendig plikt til å melde direkte til barnevernet.

Skulle det vere at du likevel kjenner på bekymring og meiner du har grunn til å tru at barnet er utsett for omsorgssvikt, har du altså ansvar for å ta kontakt med barnevernet. Då er det lurt å ta kontakt med dei først for å drøfte saka anonymt. Det betyr at du fortel kvar du jobbar og kven du er, men du fortel ikkje kven bekymringa di gjeld. Skulle det ende med at du må sende bekymringsmelding, kan du som tilsett ikkje gjere det anonymt.

Ved vald og seksuelle overgrep

Dersom det er grunn til å tru at barn eller unge blir utsette for seksuelle overgrep eller grov vald, blir det meldt umiddelbart til styrar/rektor som då tek direkte kontakt med barnevernet og/eller politiet. Føresette skal då ikkje bli kontakta på grunn av fare for at barnet blir påførte nye og alvorlege skadar. I slike situasjonar er det godt å drøfte saka med det lokale barnevernet eller med barnevernsvakta viss barnevernet er stengt for dagen.

Utfordringar til deg

  1. Kva legg du i utsegna "å ta barn og unge på alvor"?
  2. Kva betyr tenesteveg, og kven skal du kontakte dersom du er bekymra for eit barn eller ein ungdom?
  3. Kva ansvar har du som barne- og ungdomsarbeidar når du oppdagar eller har mistanke om at barn blir utsette for omsorgssvikt?

Kjelder

Utdanningsdirektoratet. (2012, 27. september). Skolepersonalets opplysningsplikt til barneverntjenesten. https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/ovrige-tema/udir-10-2012/

Utdanningsdirektoratet. (2019, 7. mai). Melde fra til barnevernet – hva skal barnehagen gjøre? https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/barnehage/melde-fra-til-barnevernet--hva-skal-barnehagen-gjore/

Relatert innhald

Alle som jobbar med barn og unge i ulike livssituasjonar, er pålagd teieplikt. Opplysingsplikt er unntak frå teieplikta.

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2020

Læringsressursar

Omsorgssvikt