Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skuldkjensle

Mange barn som har vore utsette for omsorgssvikt, tenkjer at det dei har vorte utsette for, er deira skuld. Då treng dei kloke vaksne som hjelper dei med å plassere skulda der ho høyrer heime. Å bere på skuldkjensle for noko ein ikkje sjølv er skuld i, er vondt for barn og unge.

Oppgåver

  1. Kva er skuldkjensle?

  2. Kvifor er det viktig å ha skuldkjensle?

  3. Kvifor er det viktig å snakke med nokon når ein har skuldkjensle, og spesielt i tilfelle der ein ikkje har gjort noko gale?

  4. Kva tenkjer du om at det er viktig å plassere skuldkjensla der ho høyrer heime?

  5. Barn og unge føler ofte at det er skulda deira når dei opplever omsorgssvikt. Korleis kan vi snakke med barn og unge om skuldkjensla?

  6. Kva tenkjer du er grunnen til at barn og unge som har vorte utsette for omsorgssvikt, trur det er skulda deira?

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 08.08.2023

Læringsressursar

Omsorgssvikt