Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om omsorgssvikt?

Som barne- og ungdomsarbeidar kan du vere den første eit barn opnar seg for, eller du kan observere at det er noko som ikkje stemmer med eit barn. Då er det viktig at du har kunnskapen, evnene og haldningane du treng for å handtere situasjonen best mogleg.
Ei jente står aleine og held seg i eit metallgjerde mot ein husvegg. Det er mørkt rundt ho, det ligg haustlauv på bakken, og ho har open jakke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Gå på biblioteket.
    1. Finn bøker om vanskelege tema som kan nyttast som utgangspunkt for samtalar med barn og unge om omsorgssvikt.
    2. Lag ei liste over bøkene med kva tema dei handlar om, og kva aldersgruppe dei passar for.
    3. Vel deg ei bok som du les høgt for ein medelev. Korleis kan boka nyttast med barn frå den aldersgruppa du tenkjer ho passar til?
  2. Søk på internett.

    1. Finn filmsnuttar/informasjonsfilmar som kan nyttast som utgangspunkt for samtalar med barn og unge om omsorgssvikt.
    2. Lag ei liste over filmane, med kva tema dei handlar om, og kva aldersgruppe dei passar for.
    3. Vis ein av filmane til ein medelev. Korleis kan filmen nyttast med barn frå den aldersgruppa du tenkjer ho passar til?
  3. Når vi snakkar med barn og unge om omsorgssvikt, kan vi oppleve at det er ord som er utfordrande å seie høgt. Lag ei liste over ord og/eller spørsmål knytte til omsorgssvikt som du synest det er vanskeleg å nytte. Øv deg på å seie det høgt til ein medelev, medeleven svarer med å gjenta det du sa.
  4. Du jobbar på SFO der Jonas (8 år) går. Ein dag sit Jonas i armkroken din mens de les i ei bok om ein gut som liker å vere ute i skogen. I boka kjem du til ei side der det handlar om å vere på telttur. Då merkar du at Jonas blir stiv og seier at han ikkje liker telttur. Du spør kva det er som gjer at han ikkje liker telttur, og han seier at han har vore på telttur med onkel, og då gjorde onkel ekle ting. Jonas spring vekk frå deg.
    1. Kva tenkjer du?
    2. Kva føler du?
    3. Kva gjer du?
    4. Gå saman med ein i klassen og tenk dykk at den eine er Jonas og den andre barne- og ungdomsarbeidaren. Lag rollespel med korleis samtalen mellom dykk to kunne ha arta seg etter at Jonas har sagt det han sa. Byt på rollene.
    5. Korleis opplevde de å vere i dei ulike rollene?
    6. Var det utfordrande? I så fall: Kva delar var vanskelegast?
  5. Gå inn på nettsida Jeg vil vite som er utarbeidd av Stine Sofies Stiftelse. Les og noter ned fakta om det følgjande:
    1. Kva er fysisk vald?
    2. Kva er seksuelle overgrep?
    3. Kva er psykisk vald?
    4. Kva er vald i heimen/vitne til vald?
    5. Ta testen: Kva veit du om vald og overgrep?
  6. Søk på nettet og sjå om du kan finne andre måtar å definere omsorgssvikt på. Noter det ned og vis til kjeldene.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2020

Læringsressursar

Omsorgssvikt