Hopp til innhald

Fagstoff

Konsekvensar av omsorgssvikt

Når eit barn eller ungdom blir utsett for omsorgssvikt, kan det ha konsekvensar både på det tidspunktet det skjer og seinare i livet. Forsking har vist at barn som har opplevd omsorgssvikt, har auka risiko for fysiske og psykiske utfordringar seinare i livet.
Ein ung mann sit på kanten av senga og støttar hovudet i den eine handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konsekvensar av omsorgssvikt

Barn og unge har krav på omsorg og kjærleik frå dei føresette. Likevel veit vi at mange barn og unge ikkje får den omsorga og kjærleiken dei har krav på. Omsorgssvikt i barndommen er vondt for barnet som opplever det, og det reduserer livskvaliteten til barnet, samtidig som det kan skape helseproblem seinare i livet. Omsorgssvikt kan forstyrre evna barn har til å lære og evna til å regulere kjensler. Barn og unge kan oppleve vanskar med å etablere trygge og gode relasjonar til dei vaksne i barnehagen eller på skulen/SFO, og i tillegg kan dei ha vanskar med å knyte seg til jamaldringar.

Når du som barne- og ungdomsarbeidar har grunn til å tru at eit barn blir utsett for vald eller seksuelle overgrep, eller at det finst andre former for alvorleg omsorgssvikt, skal du gi opplysingar om dette til barnevernet (opplysingsplikt). Teieplikta blir då sett til side.

Det å bli utsett for omsorgssvikt kan gi både fysiske og psykiske skadar. Dei fysiske skadane kan i mange situasjonar lækjast, men dei psykiske skadane kan vere livsvarige. Det er viktig å hugse på at barn er ulike, og dei reagerer òg ulikt på omsorgssvikt. Barn viser ofte fleire og samansette skadar/vanskar ved omsorgssvikt. Har du mistanke om omsorgssvikt, er det viktig at du observerer heile barnet og noterer ned observasjonane dine.

Døme på konsekvensar

  • Fysiske skadar og plagar som muskelspenning, søvnproblem, endra matlyst, fordøyingsproblem, svekt immunforsvar og uforklarlege smerter.
  • Mentale skadar og plagar som svekt arbeidsevne, minnevanskar, feilaktig tenking, konsentrasjons- og oppmerksemdproblem, lågt sjølvbilete, vanskar med å løyse problem, flashbacks og svekt sansing.
  • Åtferdsmessig kan barn og unge vise impulsivitet, høg aktivitet/rastløyse, låg aktivitet, falle tilbake i utviklinga (regrediere), ha seksualisert åtferd og valdeleg åtferd.
  • Kjenslemessige reaksjonar kan vere mistru/mistillit, tristheit, skuld, skam, sorg, aggresjon og humørsvingingar. Derfor kan det oppstå problem i relasjonar med andre.

Kva betyding har omsorgssvikt i ulike aldrar?

Det er viktig å vere klar over at alder, utviklingstrinn og modenheitsnivå speler inn på kva betyding omsorgssvikta har for barnet i situasjonen og for seinare tid.

Barnehagebarn

Dei små barna er mest sårbare for vald og overgrep (første 1000 dagar). Dette betyr at den moglege skaden er størst dersom valden hender i løpet av dei tre første leveåra til barnet. Barn kan då få forstyrringar i utviklinga av grunnleggjande evner innanfor det kognitive, fysisk/motorisk, tanke og språk, og dessutan evna til å knyte seg til andre menneske. Vi veit at dei minste barna ikkje har utvikla evna til å regulere seg sjølv, og når dei då blir utsette for overgrep, kan det hemme eller forseinke utviklinga av reguleringsferdigheiter.

Barn i barneskulen

Dersom vald, seksuelle overgrep eller anna form for omsorgssvikt skjer mens barnet går på barneskulen, kan det forstyrre funksjonen i dagleglivet. Det vil då arte seg slik at barna mistar ferdigheiter dei allereie har etablert. Dei kan falle tilbake til tidlegare utviklingstrinn. Dette kan vere i form av infantilt (barnsleg) språk, veremåte og åtferd, eller dei kan byrje å tisse og bæsje på seg igjen. Den vidare utviklinga kan òg bli forseinka.

Barn kan òg utvikle skulefaglege problem fordi dei har konsentrasjonsproblem i timane. Dette kan gi svikt i den kognitive utviklinga. Barn kan òg få problem med å halde på vener og å få nye vener, og dei kan kome i konfliktar med dei vaksne. Vi kallar det relasjonelle problem. Dette har ofte samanheng med at barna ikkje klarer å regulere seg i situasjonar, og dei viser då ein krevjande og utfordrande reaksjon.

Ungdommar

For ungdommar som opplever vald, seksuelle overgrep eller annan omsorgssvikt, kan problema vise seg som dårlege prestasjonar, høgt fråvær frå skulen, deltaking i negative miljø og etter kvart òg rusproblem. Det er auka sannsyn for å utvikle psykiske helseproblem, slik som angstlidingar, depresjon, problem knytte til eting/mat, sjølvskading og sjølvmordstankar.

Ofte kan ungdommane få skulefaglege problem på grunn av konsentrasjonsvanskar. For nokon kan det bli vanskeleg å regulere kjenslene sine, og dei kjem då lett i konflikt med andre. Det blir på mange måtar ein vond sirkel som er vanskeleg for dei unge å kome ut av utan god hjelp og støtte. Dersom dei ikkje får riktig hjelp og støtte, held problema fram inn i vaksenlivet.

Kva gjer du?

Du som barne- og ungdomsarbeidar skal utøve god og alderstilpassa omsorg. Det betyr at du skal utføre medvitne omsorgshandlingar, og at du er til stades med varme og kjærleik. Barn og unge skal bli sette, høyrde, anerkjende og respekterte. Vi skal ta kjenslene og tankane deira på alvor. Våg å snakk om det vonde, still spørsmål og ver der for barn og unge.

Det finst ikkje vanskelege barn, men barn som har det vanskeleg.

Tre ungdommar som held rundt kvarandre. Den unge guten i midten smiler mot kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Resiliens

Sjølv om mange barn og unge kan få store og alvorlege problem knytte til vald, seksuelle overgrep og generell omsorgssvikt, er det òg mange som ikkje får store helseproblem seinare i livet. Når vi nyttar omgrepet resiliens (motstandsdugleik) i denne samanhengen, handlar det om barn og unge som klarer seg og fungerer godt nok trass i ein vanskeleg barndom. Det handlar om den aktive handlinga til barnet og meistring av vanskelege livsforhold. Med andre ord tilpassar dei seg vanskelege situasjonar eller forhold.

Kva barn er resiliente?

To amerikanske psykologar, Emmy Werner og Ruth Smith, starta eit forskingsarbeid på slutten av 1980-talet. Resultatet blir i dag nytta når ein forskar på temaet omsorgssvikt. Werner og Smith stilte følgjande spørsmål i forskinga si: Kven er dette barnet som fungerer godt og lever godt, trass i å ha opplevd kronisk motstand?

Resultatet beskreiv dei i tre forhold:

  1. Dei hadde positive personlege eigenskapar, normal intelligens, kom lett i positiv kontakt med andre og fekk positive reaksjonar frå omgivnadene på det dei meistra.
  2. Dei klarte å knyte gode og sterke kjenslemessige band til andre vaksne både internt og utanfor familien.
  3. Dei fekk god hjelp og støtte i barnehagen og skulen. Barnehagen og skulen verka som trygge arenaer med trygge vaksne som møtte barnet på ein god og riktig måte.

Resultata viser kor viktig du som barne- og ungdomsarbeidar kan vere for barn eller unge som er eller har vore utsette for omsorgssvikt. Du kan vere med på å byggje eit positiv sjølvbilete hos barn og unge og støtte dei i å fokusere på eigne krefter slik at dei utviklar sjølvstende og byggjer sjølvtillit. Tenk derfor nøye igjennom kva du gir merksemd og korleis du gjer det. Ha som mål å gi barn og unge merksemd for det positive dei gjer. Ta dei på fersk gjerning når dei gjer gode ting, og ros dei for det. Då utviklar dei tankane "Eg er noko", "Eg kan noko" og "De synest eg er ok".

Utfordringar til deg

  1. Kva helseproblem kan vise seg hos barn som har opplevd omsorgssvikt i desse periodane?

    1. i barnehagealder
    2. i barneskulealder
    3. i ungdomsalder
  2. Kva legg du i omgrepet resiliens?
  3. Kva betyding tenkjer du at du kan ha for barn og unge som opplever omsorgssvikt?

Kjelder

Bekkhus, M. (2012). Resiliens – hvorfor klarer noen barn seg på tross av risiko? http://www.forebygging.no/artikler/2014-2012/resiliens---hvorfor-klarer-noen-barn-seg-pa-tross-av-risiko/

Kvello, Ø. (2015). Barn i risiko: Skadelige omsorgssituasjoner (2. utg.). Gyldendal akademisk.

Stine Sofies Stiftelse. (u.å.). Konsekvenser av vold og overgrep. https://www.stinesofiesstiftelse.no/tema/konsekvenser

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2020

Læringsressursar

Omsorgssvikt