Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva skjer når ein ikkje får god omsorg?

Å vekse opp under omsorgssvikt kan gi alvorlege helseproblem. Lidingane til både barn og unge kan gi alvorlege langtidseffektar. Det er derfor viktig at vi som jobbar med barn og unge, gjer førebyggjande arbeid og sørgjer for at dei barna som opplever ein vond barndom, får hjelp og støtte.

Oppgåver

Sjå filmen og svar på oppgåvene.

  1. Kva viser forsking om utviklinga av hjernen ved omsorgssvikt?
  2. Ungdommane fortel at hjelpa kjem for seint. Kva kan du som barne- og ungdomsarbeidar gjere for å førebyggje dette?
  3. Kva konsekvensar får endringane i hjernen?
  4. Når er det aller størst sjanse for å lykkast med førebyggjande arbeid?
  5. Kva instansar kan samarbeide for at barna skal få det betre?
  6. Kva hjelp kan familiar som slit, få?
  7. Kva trur du er grunnen til at mange barn og unge som lever under omsorgssvikt, ikkje blir fanga opp?
  8. Diskuter korleis du som barne- og ungdomsarbeidar kan møte og hjelpe barn og unge i kvardagen når du veit at dei har vore utsette for omsorgssvikt.
  9. Reflekter rundt påstanden til Ann Marit Sæbønes om at "det er veldig mange som ikkje tør å seie ifrå tidleg nok".
  10. Kva tankar og kjensler sit du att med etter å ha sett filmen?
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg, Gro Nedberg Grønlid, Rita Hestad Jenssen og Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 09.11.2020

Læringsressursar

Omsorgssvikt