Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skuldkjensla til barn – Sinna mann

Sinna mann handlar om temaet vald i nære relasjonar. Boj bur saman med foreldra sine, og innimellom forandrar far seg til eit skummelt monster som ikkje kan styre seg. Då slår han mor. Boj er redd og meiner det er skulda hans. Han sender eit brev til Kongen og fortel om løyndommen sin.

Sinna mann

Animasjonsfilmen er basert på boka Sinna mann av Gro Dahle og Svein Nyhus. Filmen har mellom anna vorte nytta på NRK Super i samband med temaet vald mot barn.

Sinna mann formidler et klart budskap til alle som har vært i nærheten av slike opplevelser: Du er ikke alene. Det er ikke din skyld. Du må si fra til noen du stoler på. For det behøver ikke være slik!

(Trollfilm. u.å.)

Filmen gir oss eit innblikk i korleis det er å vekse opp med vald. Det er viktig å snakke saman om filmen etter å ha sett han slik at alle får arbeidd seg gjennom tankar og kjensler.

Oppgåver

  1. Kva tenkjer du om denne filmen?

  2. Kva kjensler sit du igjen med?

  3. Kva form(er) for omsorgssvikt vart Boj utsett for?

  4. Kva konsekvensar kan det ha for barn å vekse opp med vald i heimen?

  5. Enkelte valdelege føresette skjønner ikkje at dei skader barna, fordi dei slår jo ein annan vaksen, ikkje barna. Kva kan du om temaet å vere vitne til vald?

  6. Kva bodskapar har filmen?

  7. Kva verkemiddel nyttar filmskaparen for å få fram kjensler hos Boj, far og mor?

  8. Beskriv korleis faren til Boj ser ut i desse situasjonane:

    • Når han er sint.

    • Når han angrar.

    • Når han er snill.

    • Når han får kongen på besøk.

  9. Beskriv korleis mora til Boj ser ut i desse situasjonane:

    • Når ho er redd.

    • Når ho er nervøs.

  10. Kva ansvar har den andre parten i eit valdeleg forhold med tanke på barna?

  11. Barn som veks opp i ein valdeleg heim, er ofte lojale mot dei føresette. Boj er modig og ber om hjelp.

    1. Korleis skal vi hjelpe og tryggje barn til å tore å be om hjelp?

    2. Kvifor er barn så lojale mot foreldra sine?

    3. Tenk deg at Boj hadde fortalt løyndommen sin til deg. Kva ville du då gjort?

  12. Hunden er viktig for Boj, og det er han som får høyre løyndommen til Boj. Kvifor er det lettare å fortru seg til eit dyr eller ein fantasiven?

  13. Fuglane i filmen kjem òg med ein viktig beskjed til Boj. Dei ber han seie det vidare, sjølv om han har fortalt løyndommen til hunden. Kvifor er det viktig at han seier det til nokon andre enn hunden?

  14. Viss du bar på ein vond løyndom, kven ville du snakka med eller skrive eit slikt brev til?

  15. Mange barn ser opp til foreldra sine og vil bli som dei. Kva tenkjer du om det?

  16. Kvifor er det viktig at vi som jobbar med barn og unge, tør å bry oss om dei når vi ser at dei har det vondt? Er det lett? Kva utfordringar vil det vere for deg?

  17. Kongen seier at Boj har vore modig som fortalde løyndommen. Kva trur du Boj føler når han får ros?

  18. Kven kan barn gå til for å få hjelp når dei har det vondt?

  19. Kva tenkjer du om slutten på filmen? Gir han håp? Burde han slutta annleis? Korleis synest du han skulle slutta?

  20. Finn ut kva forsking seier om korleis det går med barn som veks opp i ein valdeleg heim.

Kjelde

Trollfilm. (u.å.) Sinna mann. Henta 19. april 2021 frå https://www.trollfilm.no/no/sinna-mann

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2023

Læringsressursar

Omsorgssvikt