Hopp til innhald

Fagstoff

Teikn og symptom på omsorgssvikt

Omsorgssvikt skjer som oftast i det skjulte, og det finst svært få enkeltståande sikre teikn og symptom som kan gi bevis på om barnet er utsett eller ikkje. Derfor er det viktig at alle teikn og symptom blir sette i eit heilskapsbilete rundt barn og unge.
Ung jente sit i ein krok på skulen og held hendene framfor ansiktet. Svart-kvitt bilete. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikn og symptom

Det er viktig å kjenne til teikn og symptom på at barn blir eller har vorte utsette for omsorgssvikt. Med teikn meiner vi det vi kan sjå når barnet blir undersøkt, mens symptom er noko som kan antyde at noko ikkje er som det skal vere. Vi veit at mange barn veks opp i svært vanskelege livssituasjonar, og vi har plikt til å ta barnet på alvor og gjere noko med det. Det er derfor viktig å kjenne til desse teikna og symptoma og sjå dei saman med heilskapsinntrykket vi har av åtferda til barn og unge. Vi må tore å tenkje tanken om at barn blir utsette for omsorgssvikt.

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) har utarbeidd ein rettleiar for ulike teikn barn og unge kan vise. Denne er til god hjelp når vi skal auke kunnskapen vår om kroppslege teikn og symptom på omsorgssvikt. Her kjem eit utdrag frå "Veileder for helse- og omsorgstjenestens arbeid med vold i nære relasjoner".

Fysisk mishandling

Fysisk mishandling betyr at ein vaksen skader barnet fysisk.

Teikn og symptom på fysisk mishandling kan vere: blåmerke, brot, brannsår, bitemerke, hovne område, hovudskadar, skadar i brystkassa og magen, ribbeinsbrot og/eller generell sein utvikling.

Det er viktig å merke seg at barn og unge får blåmerke når dei krabbar rundt på golvet eller går og spring rundt. Då ser vi ofte at dei får blåmerke på naturlege stader som panna/hovudet, kne, legg og andre naturlege støytsider. Skadar som er påførte, ser vi i blåmerke som er på område der det ikkje er naturleg, og dessutan blåmerke som har form av fingrar og grep.

Psykisk mishandling

Psykisk mishandling er vanskeleg å oppdage. Denne typen mishandling kan bidra til at barn får svekt sjølvbiletet sitt og øydelagt normal psykisk utvikling. Det kan dreie seg om isolasjon, avvising, ignorering, narring, uakseptable krav, trakassering, truslar og latterleggjering.

Teikn og symptom på psykisk mishandling kan vere: sosial tilbaketrekking, uvanleg sinne, låg sjølvtillit, eteforstyrringar, angst og depresjonar, barnet prøver å rømme, sein utvikling psykisk og fysisk.

Generell omsorgssvikt

Generell omsorgssvikt er den vanlegaste forma for mishandling og dreier seg om ein grunnleggjande mangel på respekt for behova til barnet, avvising og likegyldigheit.

Teikn og symptom på generell omsorgssvikt kan vere: mangelfull hygiene, mangel på tilsyn, usunt eller mangelfullt kosthald (over- eller undervekt), dårleg tannstell, mangelfull/ueigna påkledning, ubehandla infeksjonar (òg parasittar, skabb, lus), manglande oppfølging av naudsynt medisinsk behandling og negativ sosial kontroll.

Det kan òg vere eit signal når barn og unge ofte er borte frå skulen, barnet er trøytt og sovnar i timane, tigg og stel, ofte er møkkete og luktar, er dårleg kledd etter vêrforholda, misbruker narkotika og alkohol.

Seksuelle overgrep

Seksuelle overgrep inneber at barnet blir utsett for seksuell aktivitet som dei er for unge til å forstå eller gi samtykke til.

Teikn og symptom på seksuelle overgrep kan vere at barnet har problem med å gå eller sitje, nektar å skifte i til dømes gymtimar eller symjehall, har mareritt, blir gravid eller får kjønnssjukdom, oppfører seg aggressivt, har sjølvmordstankar, skader seg sjølv og har generelle åtferdsproblem.

Viktig

Det er viktig å vere merksam på at mange barn og unge som lever i vanskelege livssituasjonar, ikkje nødvendigvis viser tydelege teikn og symptom. Nokre gonger kan barnet vise andre typar teikn og symptom enn det som er nemnt her. Det er heller ingen nødvendig samanheng mellom slike teikn og symptom og at barnet lever under omsorgssvikt. Uansett må vi som jobbar med barn og unge, alltid vere merksame på endring i åtferda til barn i daglege rutinar, og vi må ta den dårlege magekjensla vår på alvor. Del bekymringa di med kollegaer, observer barnet, noter ned og diskuter det gjerne med fagfolk i barnevernet.

Utfordringar til deg

  1. Kven kan verne barn mot barnemishandling?
  2. Kvifor er det viktig at alle teikn og symptom blir sette i eit heilskapsbilete av historia til barn og unge?
  3. Korleis kan vi stille opne spørsmål til barn og unge når vi oppdagar teikn og symptom som kan vere ein indikator på at noko ikkje er bra?
Kjelder

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. (u.å.). Veileder for helse- og omsorgstjenestens arbeid med vold i nære relasjoner: Risikofaktorer og tegn på vold mot barn. https://voldsveileder.nkvts.no/blog/innhold/risikofaktorer-og-tegn-2/

Jeg vil vite. (u.å.). https://jegvilvite.no/

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2020

Læringsressursar

Omsorgssvikt