Hopp til innhold

Litterære tekster

Bondestudentar (utdrag)

Bondesønnen Daniel Braut studerer til prest. Drivkrafta hans er å bli rik og få økt status. For å få det til endrer han både navn og oppførsel. I dette utdraget skildrer Garborg hvordan fattigdommen preger Daniels liv.

— Daniel vart snart lei av å gå på førelesingar. Å sitja der oppe på det svarte universitetet fire–fem timar kvar dag og høyre på endelause utgreiingar om vinklar og kategoriar, det var ikkje stort likare enn å vera i skule. Ikkje lærte han noko heller. Han undrast på om det ikkje var slike førelesingar professor Darre hadde meint, då han tala om åndlaus særvitskap. Og filosofien, — ja den var ikkje til å forstå, som Herland hadde sagt. Han gav seg til å forsøme. Når det leid til eksamen kunne ein pugge i seg det som var naudsynt av bøkene; det gjorde same nytta. Og det var mange som gjorde det so. Andreeksamen var dessutan lett. Og hadde so lite å seia. Ein kunne nytte si tid betre; ein kunne sitja heime i ro og mak og studere menneskjelivet gjennom åndfulle bøker.

So gjorde Daniel det. Ikkje kvar dag; kjenningane kunne undrast på det; men ofte. Og det vart oftare og oftare. Dei "åndfulle bøkene" fekk han låne av Gregus Johnsen for ei flaske 01 so då og då; etter kvart slo han seg på romanar. —

— Men smått om senn tok pengane hans til å minke. Eitt av to let han gjera no etterkvart: sjå seg om etter noko å tena skillingar med, eller taka til å spara ålvorsamt.

Han valde sparetanken. Ein fekk vera fri student so lenge ein kunne; og hjelp kom det vel ein gong, den som berre heldt ut.

Lias måtte vel få selja sitt no snart; so vart me berga alle. Og om det skulle knipe, so sa det seg sjølv, at det måtte vera snart gjort å få arbeid i ein so stor og rik by som Kristiania.

Det einaste han kunde spara på no var maten. Men det var som det skulde vera. levde so han kunde eta; ein student åt so han kunne leva; ein sann student og idealist skulle leva på smal kost. Og hadde levd sine beste dagar når han ikkje fekk middagsmat. Dette ville Daniel freiste. To dagar om veka lét han middagen vera og levde på "heimemat". Og det syntest han gjekk godt i grunnen.

Men pengane minka og minka. Ein fekk knipe inn ein middag til. Det var ikkje anna råd; dessutan var der det gode med å halde middag heime, at det var so makleg. —

Han vart meir og meir lat. Om morgonen låg han og las og røykte til langt på dag; og når han kom opp, so bar det i veg med same arbeidet.

Det var so hyggjeleg å lesa om kjærleik. Mest alltid fann han ei jente som kunne vera Berta Maria, og ei som kunne vera Inga Holm; og då var det som draumane hans fekk liv. Men livet sjølv vart ein draum som han gløymde.

Han tok til å forstå den guten som ynskte å vera konge, og som då ville liggje på låven all dagen og eta rømmegraut. Den som hadde ein roman attåt grauten, og so ei pipe etterpå, so kunne ikkje det vera verst!

Ettersom tida gikk, fekk han slik ein forunderleg mathug. So makleg som han levde, han var svolten støtt. Dette kom ille med for sparinga hans.

Det vart verre og verre. Mattankane vart so sterke at han fekk ikkje fred for dei. Han kunne lesa dei gildaste forteljingar om kjærleikssorger og kjærleiksglede, og so måtte han opp og rive i seg eit stykke mat. Eller han kunde lesa om riddarliv og kjempeverk i heite draumar om salt kjøt og flesk og erter på "Dampen". Og det glødde for bringa av svolt; han kjende lukta av flesk og gule erter so han mest gløymde romanen.

Stundom stal han seg på "Dampen" dei dagane då han etter rekninga skulle halde seg heime. Den sterke, stramme matlukta frå eimkjøken kom over han som ei forlokking; han luska av stad som drikkaren til sjappa, endå samvitet gnog og gnåla og minte tydeleg om at han ikkje hadde råd.

Når han so nådde den salige gluggen, der maten kom langande ut igjennom som frå eit rikdoms djup ... og når han fekk det rykande varme fatet mellom hendene, so at no var det ikkje draum lenger, men handfast påliteleg sanning, — å, han kasta seg over maten som eit dyr, slo kryl på ryggen som hunden over ein stolen kjøtknok og åt, åt; sukka av glede; langa i seg grundig og metodiskt, so kvar einskild bit kom til sin rett, gjorde reint bord, og ynskte seg ein svanehals, so denne gleda kunde vara lite lenger. Men når han vel kom heim, var han svolten att.

Det var ikkje so poetiskt å svelte som Daniel hadde tenkt. Og det var med stigande redsle han såg at pengane hans kvar dag minka. For kvar dalar som gjekk, var det som det losna eit stykke av grunnen under han; og når den siste skillingen ein dag måtte springe . . . det ville vera som å glide ut i eit mørkt, mørkt djup.

Han hadde kjenningar; men dei trengte sine skillingar sjølve. Haugum skulde heim til nyår og taka ein skulepost; Ortvedt skulde opp på landet og vera huslærar; Aslak Fjordan hadde nok alt slitt sterkt på bankboka si, og Herland og Sven Dufva — levde på lån som dei fleste andre. Dessutan heldt kjenningane seg meir ifrå han no. Daniel tok til å sjå såleis ut, at dei alltid var redde han kunne vilja låne pengar.

Han tenkte ikkje på å vera fin; dei draumane hadde han lagt til sides for det fyrste. Finkleda sine måtte han spara på so lenge han kunne; og med kvardagskleda var det heller skralt. Trøya hadde skifta farge, so ho var midt imellom flaskegrøn og oskegul, og ho hang i posar om han som ein sekk; vesten knappa han att heilt opp åt halsen til å skjule skjorta, som sjeldan var i vask, fordi vask kosta mynt; og om halsen hadde han ein papirsnipp som ikkje vart bytt ofte. Håret fekk vekse som det ville sjølv; og raude lange skjeggfliser grodde på haka etter sin eigen tilhug. Men nedetter føtene låg buksa i store kne, og opptafsa og fall utover dei skeive, sprukne støvlane. Han trøysta seg med, at no når vinteren kom, kunne han skjule det verste av fattigdomen med vinterfrakken.

Toddykveldane kunde han ikkje vera med på lenger, fordi han ikkje hadde råd til å vera vert sjølv nokon gong. Dessutan vart han so snart full no, og so reint ille full. Og når han vart full tøvde han so han vart reint brysam. Han vart meir og meir åleine, og la seg meir og meir i hi; det ideale studenterlivet fekk han drøye med no, til dess han fekk skillingar.

Kvar dag gjekk han og venta på brev frå Lias om malmgruvene. Men det drog ut. Og Daniel kunne snart på dagen rekne ut når han ville vera skillingslaus.

Husleiga for den siste månaden hadde han alt vore kravd for. Den gongen hadde han sloppe frå det på ei vis; men nytt krav kunne han vente når som helst. Å, at ikkje Lias kunne skrive! —

— Jau; ein dag skreiv Lias. Han skreiv, at han ville selja garden og draga til Amerika. Han hadde no ei tid fare galen og hatt skjerpefeber og brukt opp tid og pengar på det verste juks; no kunne han ikkje klara seg lenger. Jens i Larsebakken eller banken fekk taka garden, og ho mor fekk vera hjå Judit, som no skulle gifte seg med ein snikkar nedpå Nese; han sjølv ville fara med neste båt.

Daniel sat og las dette, og det var som eit berg av draumar ramla ned over han med brak og gov; no låg han der. Kvar skulle han no av?

Å, at ikkje Vårherre kunne hjelpe. Han som åtte heile verda; han, som var allmektig … Kunne han ikkje hjelpt Lias til å finne noko malm? Kunne han ikkje med eit ord ha skapt ein malmgang i det fjellet der Lias hadde teke skjerp? Kunne han ikkje … kunne han ikkje skapa dette brevet om til gull eller gjera den lampa til gull; eller blekkhuset …

"Den som ikke vil arbeide, skal heller ikke æde", stod der. Men det var ikkje sant! Hundre tusen glade gutar gjekk ikring i denne verda og gjorde ingenting, anna enn ugagn, og levde likevel, levde godt, levde høgt, fordi dei hadde ein rik far, eller ein stor arv; kvifor skulle ikkje ein annan vera likeso nære til slikt som dei, tru?

Då Daniel hadde tenkt seg trøytt på dette og skjøna at han ingen veg kom, dro han ein tung sukk og sa til seg sjølv, at so fekk han freiste det siste. I ein by som denne var der arbeid nok. Det gjaldt å finne noko som ein kunne like. Han tenkte etter. Men alt som kom for han var so åndlaust; der var ingen idealitet i det. Dessutan kunne han det ikkje. Kva kunne han? Føre bøker? Nei. Vera lærar i musikk? Nei. I matematikk? Nei. I latin eller gresk? Nei. I tysk eller fransk? Knapt nok. Ingenting kunne han, som her var brukande.

Og kven skulle han gå til? Han kjende ingen. Ingen som hadde pengar eller makt. Han fekk sjå etter i blada, om der skulle vera noko. Nei. Ingenting for han. For handelsfolk og tenestejenter var der nok av arbeid å få; men for ein student som ingenting kunne, var der ingenting. Daniel Braut vart redd.

Utdrag fra romanen Bondestudentar (1883) av Arne Garborg, publisert på Bokselskap.no

Teksten er språklig modernisert av NDLA.

Relatert innhold

CC BY-SASkrevet av Arne Garborg.
Sist faglig oppdatert 27.01.2022

Læringsressurser

Kritisk realisme og naturalisme