Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lov- og regelverkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lov om barnehagar

Barnehagen har som formål å vere ei pedagogisk verksemd som skal gi barn under skulepliktig alder gode utviklings- og aktivitetsmoglegheiter i nært samarbeid med heimen. Barnehagen skal vere til hjelp for foreldra i å gi barna eit godt grunnlag for utvikling, livslang læring og aktiv deltaking i eit demokratisk samfunn.

Barnehagen skal gi barn grunnleggjande kunnskap, og han skal støtte nysgjerrigheita og kreativiteten til barnet. Det er òg viktig ifølgje loven at barn får utfordringar som står i høve til interessene, kunnskapane og ferdigheitene deira.

Loven legg vekt på den retten som barn og foreldre har til medverknad i den daglege verksemda i barnehagen, og difor skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval. Barn skal jamleg få mogelegheit til aktiv deltaking i planlegging og vurdering av barnehagen si verksemd, og synspunkta deira skal tilleggjast vekt i samsvar med alder og modnad.

Det er kommunen som har ansvaret for å passe på at barnehagane blir drivne i tråd med regelverket, og dei kan òg hjelpe til med rettleiing ved behov. Kommunen har ansvaret for å tilby plass i barnehage til barn under opplæringspliktig alder busette i kommunen.

Det er Fylkesmannen i kvart fylke som har ansvaret for at kommunen utfører dei oppgåvene dei er pålagde som barnehagemyndigheit i kommunane, i tråd med barnehageloven. Fylkesmannen er den øvste statlege representanten i kvart fylke.

Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har rett til plass. Barn som har nedsett funksjonsevne, eller som blir følgde opp av barnevernet, vil òg bli prioriterte ved opptak.

Det er eit krav at styrar og pedagogisk leiar i barnehagane har ei pedagogisk utdanning. Loven er tydeleg på at det helst bør vere personale i desse stillingane som er utdanna førskulelærar, men opnar òg for andre pedagogiske utdanningar.

Alle vaksne som skal jobbe i barnehage, må leggje fram ein tilfredsstillande politiattest. Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot barn, er utelukka frå arbeid i barnehagar. Personale som jobbar i barnehagar, er underlagde teieplikt, men har opplysningsplikt til sosialtenesta og barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller at det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt.

Utfordringar til deg

  1. Gjer deg kjend med lov om barnehagar.
  2. Del dykk i små grupper og ta for dykk eitt område frå loven som de arbeider med. Presenterer arbeidet for resten av klassen.

Læringsressursar

Lov- og regelverk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter