Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fordelar og ulemper med patent

Patent er eit verkemiddel som blir brukt for å fremje nyskaping, men som dei fleste andre verkemiddel har patent både fordelar og ulemper. I desse oppgåvene skal du sjå litt nærare på det.
Skisse av tverrsnittet av eit litiumbatteri. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi tilrår at du les artikkelen Patent (ndla.no) før du startar med oppgåvene.

Oppgåver

  1. Patent gir oppfinnaren einerett til oppfinninga si for ein periode. Kva fordelar gir dette for patenthaldaren?

  2. Kor lenge er eineretten som patentet gir?

  3. Kva for nokre av døma under kan ikkje gi patentvern? Grunngi kort kvifor.

    1. eit bilete du har brukt fire månader på å måle

    2. eit dataprogram du har koda frå grunnen

    3. ein sykkel med stort framhjul og lite bakhjul, der pedalane er kopla til framhjulet og storleiken på hjulet gjer at du ikkje treng gir

    4. ein komet du har oppdaga ved hjelp av stjernekikkert

    5. husteikningar du har designa i Autocad

    6. ei maskin som knuser glas for gjenvinning ved hjelp av ultralyd inne i maskina

  4. Er det nokon ulemper med å gi oppfinnaren lang einerett?

  5. Kva er eit generisk legemiddel, og korleis er det relatert til patent?

  6. Gjer søk på nettet og finn døme på patent som nyleg er utgått.

  7. Nokre gonger fristiller bedrifter dei gyldige patenta sine. Finn døme på dette. Kva er grunngivinga til bedriftene for å gi bort patenta sine?

Ekstraoppgåver

  1. Ein oppfinnar som arbeider med utvikling for ei bedrift, har som oftast ein arbeidsavtale der det står at bedrifta eig oppfinningar han eller ho gjer. Kva tenkjer du om ein slik praksis? Er det rettferdig? Er det nødvendig?

  2. Mange teknologibedrifter samarbeider ved å gi kvarandre rett til å bruke kvarandre sine patent. Kan du finne døme på dette? Kva oppnår bedriftene på slik samarbeid?

  3. Kva er eit patenttroll (patent troll)? Finn og presenter døme.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2021

Læringsressursar

Rettar og lisensar