Eig bedrifta det du utviklar?
Mange av oss arbeider for ei verksemd, og det kan vere innan privat, ideell eller offentleg sektor.
Vi legg inn arbeidskraft og får lønn i retur. Lønna kan vere for kvar arbeidstime eller for å gjere spesifikke oppdrag. I retur får verksemda eigarskap over arbeidstida og det som blir skapt mens arbeidstida går føre seg. Sei til dømes at du arbeider som baker. Du lagar hundrevis av bakarvarer i løpet av arbeidsdagen, men ingen av desse tilhøyrer deg. Verksemda eig råstoffa og maskinene og gir deg lønn for arbeidet. Dermed eig dei sluttproduktet.
Kva skjer så når arbeidet vi gjer, inneber skapinga av åndsverk, oppfinningar, design eller andre immaterielle rettar? Kven eig desse?
Vi har fleire lover som speler inn når vi snakkar om immaterielle rettar.
Lov | Bruksområde |
---|---|
Åndsverklova | Dekkjer litterære eller kunstnariske verk av all art, inkludert video, foto, lyd og dataprogram |
Merkevarelova | Dekkjer merkevarenamn, slagord, varelogoar og emballasje som skil varene eller tenestene til ei verksemd frå ei anna |
Designlova | Dekkjer karakteriserande trekk ved linjene, konturane, fargane, formene, strukturen eller materiala til produkta |
Patentlova | Dekkjer retten til oppfinningar |
Arbeidstakaroppfinningslova | Dekkjer retten til oppfinningar laga av arbeidstakarar |
Vidare i denne artikkelen tek vi for oss åndsverklova, men det er greitt å vite at desse andre lovene eksisterer, og dei vil vere relevante i enkelte situasjonar.
Åndsverklova
Utgangspunktet for åndsverk er at det er personen som skaper åndsverket som har einerett til verket.
Den som skaper et åndsverk, har opphavsrett til verket, og betegnes som opphaver.
(Åndsverklova, 2018, § 2)
Fordi mykje produksjon av åndsverk skjer av arbeidstakarar, er det laga ei rekkje unntak og særreglar i åndsverklova. Mellom anna har vi ein særregel for utvikling av dataprogram.
§ 71. Datamaskinprogram skapt i arbeidsforhold
Opphavsrett til datamaskinprogram som er skapt av en arbeidstaker under utførelsen av oppgaver som omfattes av arbeidsforholdet, eller etter arbeidsgivers anvisninger, går over til arbeidsgiveren. Det samme gjelder adgang til endring av verket og videreoverdragelse av retten. Bestemmelsene i første og andre punktum gjelder ikke rettigheter etter § 5 eller der annet er avtalt.
(Åndsverklova, 2018, § 71)
Utgangspunktet er at arbeidsgivaren får opphavsretten på det som blir utvikla av programvareutviklarar, sjølv om det ikkje skulle vere beskrive i ein arbeidskontrakt. Det er derfor lurt å sjekke opp relevant lovverk i tillegg til å lese arbeidskontrakten nøye.
Lovverket dannar grunnlaget, men opnar ofte for at arbeidsgivar og tilsett kan ha meir spesifikke og restriktive avtalar. Mange arbeidsgivarar vel derfor å ha vilkår i arbeidskontrakten som regulerer immaterielle rettar.
I mange tilfelle er desse fornuftige og forståelege, andre gonger kan dei vere utydelege, strenge eller for omfattande. Det er dermed viktig å lese vilkåra nøye og gjerne bruke fagforeining eller andre for å kvalitetssikre arbeidskontrakten før han blir underskriven. Dette er for å sikre begge rettane til begge partane, men òg for å hindre ueinigheit og konflikt seinare.
Åndsverklova. (2018). Lov om opphavsrett til åndsverk mv. (LOV-2018-06-15-40). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2018-06-15-40