Patent - Brukarstøtte (IM-ITK vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Patent

Innovasjon gjennom utvikling av nye oppfinningar er ein viktig del av samfunnet vårt. Patent gir oppfinnarar, eller selskapa som dei arbeider for, einerett til ei oppfinning for ein tidsperiode. Dette sikrar at dei som innoverer, kan tene pengar på og vidareutvikle teknologien sin.

Det er lett å tenkje på den industrielle revolusjonen vår vi snakkar om oppfinningar, men i dag skjer òg det mykje utvikling og innovasjon. Nokre gonger er det berre litt vanskeleg å leggje merke til fordi vi lever midt oppi det heile.

Kva kan patenterast?

Patent blir berre gitt til nye tekniske oppfinningar som kan utnyttast industrielt. Oppdagingar er i seg sjølve ikkje patenterbare. Om ein til dømes oppdagar ein ny plante, kan kanskje enzyma i planten brukast som medisin, og denne oppfinninga kan patenterast. Patent gjeld berre det tekniske aspektet av ei oppfinning, til dømes kombinasjonen av materiale, struktur og kjemi som blir brukt for å lage ein heilt ny batteritype.

Varemerke og produktdesign blir ikkje beskytta av patentordninga, men har eigne ordningar for vern. (Produktdesign kan elles ha funksjonelle aspekt, og der kan patent vere aktuelt.)

Patent blir berre gitt til nye oppfinningar. Det er derfor viktig at sentral informasjon blir halden hemmeleg fram til ein patentsøknad er send inn for alle relevante land.

Det er til dømes ikkje eit problem å gjere det at du arbeider med ny batteriteknologi allment kjent, men viss du skriftleg eller munnleg forklarer den spesifikke oppfinninga, og korleis ho er bygd opp og av kva, står du i overhengande fare for å ikkje få innvilga patent.

Patentlovverket har nokre sentrale unntak, desse er

  • oppdagingar, vitskaplege teoriar og matematiske metodar

  • kunstneriske framstillingar

  • planar, reglar eller metodar for utøving av intellektuell verksemd, for spel eller forretningsverksemd eller program for datamaskiner

  • framlegg av informasjon

Unntaket for dataprogram er viktig å få med seg. Desse kan altså ikkje vernast med patent, i staden er det vanleg at åndsverkslova, varemerkevern og lisensar regulerer tilgang og bruk.

Korleis patent blir tildelte

Patentlova definerer korleis vi i Noreg forstår og handterer patent. Den offentlege etaten Patentstyret behandlar søknader og gir rettar og rettleiing til patentsøkjarar i Noreg. Patent som skal gjelde internasjonalt, må søkjast om i dei spesifikke landa.

Patentsøknader blir behandla av Patentstyret, og i tilfelle der søknaden blir foreslått innvilga, blir søknaden offentleggjord slik at andre privatpersonar og bedrifter kan kome med innspel. Dette er spesielt nyttig for at andre patenthaldarar skal kunne vurdere om eit nytt patent overlappar med eit gammalt. Privatpersonar og organisasjonar kan òg kome med innspel om eit patent bør innvilgast.

Gyldigheitstida til patentet

Norske patent har ei gyldigheitstid på 20 år etter at patentet er innvilga. Dette er òg vanleg for mange andre land, som USA og land i EU. I denne tjueårsperioden har patenthaldaren einerett til oppfinninga.

Etter at patentet er gått ut, kan alle bruke og vidareutvikle oppfinninga vidare. Dette sikrar vidare innovasjon.

Sjølv om eit patent er gått ut, kan oppfinninga framleis ha varemerkevern. Den tidlegare patenthaldaren treng heller ikkje å gi nokon informasjon ut over den som var i patentdokumenta.


Relatert innhald

Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2022