Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis lisensar fungerer

I desse oppgåvene skal du sjå nærare på og sjekke kunnskapen din om opphavsrett og programvarelisensar.
Mann går på line og brukar ei skålvekt som balansestang. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi tilrår at du les artikkelen Programvarelisensar (ndla.no) før du startar med oppgåvene.

Oppgåver

  1. Kva lov regulerer opphavsrett i Noreg?

  2. Kor lenge varer opphavsretten i Noreg?

  3. Kva kallar vi amerikanarane sin variant av opphavsrett?

  4. Kva er forskjellen mellom tilgjengeleg kjeldekode og open kjeldekode?

  5. Kva betyr proprietær?

  6. Open lisens eller kjeldekode gjer det vanskeleg å ta direktebetalt for programvara. Kom med døme på andre måtar vi kan tene pengar på i slike tilfelle.

Ekstraoppgåver

  1. Kva lisens gjeld for eit verk viss du ikkje har definert og skrive inn lisensinformasjon i kode eller dokumentasjon?

  2. Opphavsretten gir opphavar sterke rettar, men lova sikrar òg nokre rettar til oss som kjøparar av programvara. Finn nokre døme på dette.

  3. Bruk av programvare som ikkje er kjøpt på lovleg vis (piratkopiar), blir teken alvorleg og kan gi store bøter, spesielt viss det er gjort av bedrifter. Sjå om du finn nyheitssaker om dette. Kva var konsekvensane for bedrifta?

  4. Kan brukarrettane definert i lova omgåast med restriksjonar i sluttbrukaravtale (EULA)?

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022

Læringsressursar

Rettar og lisensar