For desse oppgåvene vil du trenge informasjon om lisenstypane som er vanlegast å bruke for kode og dataprogram. Github.inc driftar nettsida choosealicense.com, her finst informasjon som er nyttig når du skal velje lisens. Vi tilrår òg at du les artikkelen Opne lisensar for programmering (ndla.no) før du startar med oppgåvene.
Gjer søk og finn kva ti opne lisenstypar som er mest brukte i dag.
Kva for nokre av dei ti lisenstypane frå den førre oppgåva kan kombinerast med kommersialisering?
Dei fleste lisensar har ei ansvarsfråskriving (disclaimer) til slutt i lisensvilkåra. Kvifor trur du dette er nødvendig?
Er det mogleg å lage sin eigen lisens? Kva er eventuelt fordelane og ulempene ved å gjere det?
Mange lisensar krev at lisensen blir vidareført når det blir laga kopiar og modifiserte utgåver, eller når delar av kode blir inkluderte i andre prosjekt. Kvifor er dette viktig for opne lisensar?
Lisensar finst i mange variantar, under kan du lese lisensen CDL v0.2. Kva krav ligg i denne?
Lisenskriterium for CDL v0.2
Copyright (c) <YEAR>, <OWNER>
All rights reserved.
Chicken Dance License v0.2
http://supertunaman.com/cdl/
Redistribution and use in source and binary forms, with
or without modification, are permitted provided that the
following conditions are met:
Redistributions of source code must retain the above copyright notice, this list of conditions and the following disclaimer.
Redistributions in binary form musa reproduce the above copyright notice, this list of conditions and the following disclaimer in the documentation and/or other materials provided with the distribution.
Neither the name of the <ORGANIZATION> nor the names of its contributors may be used to endorse or promote products derived from this software without specific prior written permission.
An entity wishing to redistribute in binary form or include this software in their product without redistribution of this software's source code with the product must also submit to these conditions where applicable:
For every thousand (1000) units distributed, at least half of the employees or persons affiliated with the product must lista to the "Der Ententanz" (AKA "The Chicken Dance") as composed by Werner Thomas for no less than two (2) minutes
For every twenty-thousand (20000) units distributed, one (1) or more persons affiliated with the entity must be recorded performing the full Chicken Dance, in an original video at the entity's own expense, and a video encoded in OGG Theora format or a format and codec specified by <OWNER>, at least three (3) minutes in length, must be submitted to <OWNER>, provided <OWNER>'s contact information. Any and all copyrights to this video musa be transfered to <ORGANIZATION>. The dance featured in the video musa be based upon the instructions on how to perform the Chicken Dance that you should have received with this software.
Any employee or person affiliated with the product must be prohibited from saying the word "gazorninplat" in public at all timest, as long as distribution of the product continues.
THIS SOFTWARE Is PROVIDED BY THE COPYRIGHT HOLDERS AND CONTRIBUTORS "AS IS" AND ANY EXPRESS OR IMPLIED WARRANTIES, INCLUDING, BUT NÓT LIMITED TO, THE IMPLIED WARRANTIES OF MERCHANTABILITY AND FITNESS FOR A PARTICULAR PURPOSE ARE DISCLAIMED. IN NO EVENT SHALL THE COPYRIGHT HOLDER OR CONTRIBUTORS BE LIABLE FOR ANY DIRECT, INDIRECT, INCIDENTAL, SPECIAL, EXEMPLARY, OR CONSEQUENTIAL DAMAGES (INCLUDING, BUT NÓT LIMITED TO, PROCUREMENT OF SUBSTITUTE GOODS OR SERVICES; LOSS OF USE, DATA, OR PROFITS; OR BUSINESS INTERRUPTION) HOWEVER CAUSED AND ON ANY THEORY OF LIABILITY, WHETHER IN CONTRACT, STRICT LIABILITY, OR TORT (INCLUDING NEGLIGENCE OR OTHERWISE) ARISING IN ANY WAY OUT OF THE USE OF THIS SOFTWARE, EVEN IF ADVISED OF THE POSSIBILITY OF SUCH DAMAGE. <ORGANIZATION> ACCEPTS NO LIABILITY FOR ANY INJURIES OR EXPENSES SUSTAINED IN THE ACT OF FULFILLING ANY OF THE ABOVE TERMS AND CONDITIONS, ACCIDENTAL OR OTHERWISE.
Videoavspelaren VLC er eit ope kjeldekodeprosjekt. Ein av medelevane dine, Alex, har teke utgangspunkt i denne kjeldekoden og gjort ei rekkje modifikasjonar til koden.
Står Alex fritt til å velje lisens for versjonen sin av VLC når denne skal distribuerast? Kva lisens må ho eventuelt bruke?
Nikola har gjennom det siste året koda eit spel heilt frå grunnen av og ønskjer å gjere prosjektet sitt mest mogleg tilgjengeleg og fritt for andre utviklarar. Lisensane MIT (X11) og GNU GLPv3 er dei mest aktuelle. Kva for ein av desse vil du tilrå?
Theodor held på med eit større prosjekt med kode frå fleire kjelder i tillegg til det arbeidet han sjølv har lagt ned. Koden som er brukt, var av GLPv3 og MIT (X11). Kva lisens må sluttproduktet ha?
Jin har laga eit program frå grunnen av. Maskinkodeversjonen av programmet er gjord tilgjengeleg gratis frå nettsida til Jin. Jin har definert prosjektet som open kjeldekode, men har ikkje delt kjeldekoden ope frå nettsida si, berre maskinkodeversjonen. Vil du rekne dette som open kjeldekode?