Hopp til innhald

Fagstoff

Tilpass kroppsspråket til situasjonen

Mykje kan formidlast utan ord. Med ansiktsuttrykk, fakter og anna kroppsspråk uttrykkjer vi glede, humor, misnøye, sinne og frustrasjon. Kroppsspråket kan seie noko anna enn det vi uttrykkjer med ord, eller det kan understreke det vi formidlar med ord.
Mann gestikulerer med hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kroppsspråket seier meir enn orda

Kroppsspråket ditt er med på å forsterke det du ønskjer å formidle. Har du tenkt på kor mykje du kan seie utan å opne munnen?

Kroppsspråket kan bli brukt til å uttrykkje misnøye, glede og den generelle tilstanden. Korleis du bruker hendene, og ansiktsuttrykket ditt er med på å understreke korleis du reagerer, kva haldning du har, og korleis du stiller deg til det mennesket du pratar med.

Mange er privat veldig intime, det vil seie at dei er sjenerøse med kroppskontakt og klemmar. På dette området er det viktig å vere profesjonelle og ta omsyn til reviret og intimsona til andre.

Positivt og negativt kroppsspråk

Eit ivrig kroppsspråk i ein positiv situasjon vil berre vere med på å forsterke det positive. Hugs berre på at det same kroppsspråket i ein negativ situasjon vil vere med på å underbyggje det negative og gjere situasjonen verre. Det er derfor svært viktig å lese situasjonen nøye og agere deretter.

Å heve augebryna, lage ansiktsgrimasar og gestikulere med hendene er ein type kroppsspråk du ikkje skal bruke når gjesten er til stades. Spesielt uheldig er det i ein negativt ladd situasjon. Å kommunisere på ein slik måte med ein kollega gir eit veldig dårleg inntrykk.

Snakkar gjesten eit anna språk, til dømes engelsk, og samtidig tydeleg viser misnøye med situasjonen, så skal du heller ikkje snakke ditt eige morsmål (i dette tilfellet norsk) med kollegaen din. Då vil gjesten oppfatte deg og kollegaen din som svært respektlause.

CC BY-SASkrive av Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019

Læringsressursar

Møtet med brukaren