Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Roller og kommunikasjon

Kunde, brukar eller fagperson? Rolla di avgjer kva for forventingar du har til kommunikasjonen. Utforsk rollene og få ei betre forståing av dei, så kan du bruke denne kunnskapen for å handtere situasjonar du møter på jobben.
To tre står på ei slette. Trea har form som ansikt som ser mot kvarandre. Det er fuglar i greinene, og ein del fuglar flyr også mellom dei to trea. Illustrasjon.
  1. Les skildringane under og vurder om det er snakk om eit brukar- eller kundeforhold.

    1. Du opprettar ein gratis Gmail-konto.

    2. Du lastar ned nettlesaren Firefox.

    3. Bedrifta du jobbar for, har kjøpt inn lisens for programvare som du òg kan installere på den private datamaskina di.

    4. Jobb-pc-en din har installert Windows programvare.

    5. Du redigerer artiklar på wikipedia.org og donerer til organisasjonen årleg.

  2. Kom du fram til ein eller fleire reglar som hjelpte deg å definere rolletypen?

  3. Vi har ulike forventingar til interaksjon, avhengig av rolla vår i situasjonen.

    1. Kva forventar du som kunde når du kjem inn i ein butikk og møter ein seljar?

    2. Kva forventar du som brukar når du kjem til IT-tenesta på skulen med eit dataproblem?

  4. Nemn fem handlingar eller typar åtferd frå ein seljar som vil irritere kjøparen.

  5. Nemn fem handlingar eller typar åtferd frå ein tilsett innan brukarstøtte som vil irritere ein brukar.

  6. Var døma du kom på, like for begge rollene, eller var dei ulike? Kvifor blei resultatet slik det blei?

  7. Tenk deg at du arbeider som IT-utviklar for ei bedrift som lagar nettsider for andre bedrifter. Kan du komme på situasjonar der det er naturleg at du har brukar- eller kundekontakt?

Relatert innhald

Kommunikasjon med brukarar og kundar er sentralt for alle som arbeider innan IT. Eit bevisst forhold til korleis kommunikasjon fungerer, er derfor viktig.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2021

Læringsressursar

Møtet med brukaren