Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er utviklinga i verda berekraftig?

I denne oppgåva skal de diskutere om vi har berekraftig utvikling i verda. Målet er ikkje å komme fram til eit ja/nei-svar, men å prøve å få fram flest moglege sider av saka.
Fire smilande unge vaksne sit rundt eit bord og snakkar. Foto.

Denne oppgåva bygger på fire ulike ressursar:

Mål med oppgåva

I denne oppgåva skal de

  • øve dykk på å sjå ei sak frå fleire sider

  • få auka forståing for at berekraftig utvikling er komplekst og kan handle om veldig mykje forskjellig

1. Førebuingar: Fordeling og fordjuping

Del klassen i tre grupper. Kvar gruppe skal fordjupe seg i ein eller to artiklar. I tillegg må de gjerne bruke andre kjelder til å finne informasjon om temaet.

2. Arbeid i grupper: Les artiklane og noter argument

  • Les artikkelen eller artiklane individuelt og noter stikkord. Sjå på spørsmåla knytte til artiklane i avsnittet over. Prøv å finne argument både for og imot at utviklinga vår er berekraftig i dag.

  • Gå saman i gruppa eller i par og del det de har funne. Noter ned ulike argument for om utviklinga er berekraftig eller ikkje.

3. Diskusjon: Diskusjon med ordstyrar og referent

Det store spørsmålet som skal diskuterast, er om utviklinga vår i dag er berekraftig eller ikkje. Målet er å få fram ulike argument.

Gå saman i mindre grupper, med elevar frå kvar av dei tre opphavlege gruppene representerte i kvar gruppe. Gruppa vel ein ordstyrar og ein referent. Ordstyraren styrer diskusjonen, mens referenten skriv ned argumenta som kjem fram. Resten av gruppa diskuterer.

Til læraren

Denne delen kan løysast på ulike måtar alt etter kva som passar for gruppa. Her er to andre forslag til organisering:

  1. Plenumsdiskusjon: Heile klassen jobbar saman. Læraren er ordstyrar. I tillegg kan det gjerne veljast ein referent som skriv ned argumenta som kjem fram. Heile klassen diskuterer saman om utviklinga i dag er berekraftig.

  2. Paneldebatt: Ein eller to frå kvar av dei opphavlege gruppene blir med i eit panel. Læraren er ordstyrar. I tillegg kan gjerne ein elev notere ned argumenta. Resten av klassen lyttar til debatten.

Denne videoen kan vere nyttig for deg som lærar å sjå på før du skal leie diskusjonar i klassen:

Video: Korleis kan lærarar legge til rette for gode diskusjonar?

4. Debrifing: Samanfatt i klassen

Læraren samlar trådane i ein klassesamtale. Kva kan vi seie kjenneteiknar berekraftig utvikling? Og kva argument har klassen komme fram til?

Snakk gjerne om korleis prosessen i gruppene har vore, og korleis diskusjonane gjekk.

Til læraren

I den didaktiske metoden "Tren tanken" blir den avsluttande klassesamtalen kalla debrifing (Nolet, 2022, s. 256–257). Denne har gjerne tre ulike delar som er meint å hjelpe elevane å bli bevisste si eiga tenking og læring.

  1. Innleiingsfase: Her spør du som lærar litt om prosessen. Korleis har elevane gått fram? Kva var vanskeleg? Kva var enkelt? Korleis løyste elevane ueinigheiter?

  2. Den faglege fasen: Her går du gjennom løysingsforslaga til elevane og det faglege innhaldet dei har komme fram til.

  3. Overføringsfasen: Her forsøker du å vise korleis det elevane har lært, og måten dei har lært på gjennom denne oppgåva, kan overførast til andre tema.

Kjelde

Nolet, R. (2022). Tren tanken med geografi. I R. Mikkelsen & P. J. Sætre (Red.), Geografididaktikk for klasserommet (4. utg,. s. 251–278). Cappelen Damm Akademisk.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2024

Læringsressursar

Berekraftig utvikling