Hopp til innhald
Oppgåve

Er klima og miljø viktigast for å skape berekraftig utvikling?

Kva forhold er viktigast når vi skal oppnå berekraftig utvikling? Er klima og miljø, sosiale forhold og økonomi like viktige? I denne oppgåva skal de jobbe med dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling og vurdere om klima og miljø er viktigast blant dei.

For å løyse denne oppgåva bør de ha lese og jobba med desse ressursane:

Mål med oppgåva

I denne oppgåva skal de

  • bli bevisste på dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling

  • få ei betre forståing av kvifor nokre meiner at klima og miljø er den viktigaste dimensjonen av berekraftig utvikling

  • bli meir bevisste på eigne tankar og meiningar om berekraftig utvikling

  • øve på å finne argument både for og mot ein påstand

Diskuter betydninga av klima og miljø

Spørsmålet de skal diskutere, er: Er klima og miljø det viktigaste for å få til berekraftig utvikling?

  1. Individuelt arbeid (10 minutt): Start med å undersøke klima- og miljødimensjonen ved berekraftig utvikling. Sjå nærare på dei fire berekraftsmåla som ligg under klima og miljø i bryllaupskakemodellen. Tenker du at desse er viktigare enn dei andre berekraftsmåla? Kvifor eller kvifor ikkje?
  2. Individuelt arbeid (5 minutt): Fyll inn argument du kjem på både for og mot at klima og miljø er det viktigaste for å oppnå berekraftig utvikling. Bruk anten det interaktive skjemaet under eller pc/notatbok.

  3. Gruppearbeid (10–15 minutt): Gå saman i grupper på to–fire elevar. Del det de har skrive. Du kan gjerne skrive inn argument frå dei andre dersom du synest argumenta er gode. Bruk dei siste to minutta på å skrive ei oppsummering (gjerne i skjemaet under). Dette kan de gjere individuelt eller saman som gruppe.

  4. I klassen (10 minutt): Læraren styrer ein plenumsdiskusjon. Her er det ikkje noko som er rett eller feil. Målet er å få fram ulike argument og å diskutere desse.