Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis kan vi leve berekraftig her?

I denne oppgåva skal du finne døme på berekraftig utvikling på heimstaden din i dag. Deretter skal du vurdere korleis de som bur der, kan skape ei berekraftig framtid.

Oppgåve: Berekraft på heimstaden din

I denne oppgåva skal du forklare kva berekraft er, undersøke forholda på heimstaden din i dag og til slutt vurdere korleis utviklinga på heimstaden din kan bli berekraftig.

Lag ein (til dømes ved hjelp av Microsoft Sway) eller ein presentasjon.

Mål med oppgåva

Måla med denne oppgåva er at du skal

  • vise at du forstår fagomgrep som berekraftig utvikling, FNs berekraftsmål, bryllaupskakemodellen, dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling og antropocen

  • bruke fagkunnskap og fagomgrep til å vurdere kor berekraftig ein stad er

  • komme med forslag til kva som kan gjere ein stad meir berekraftig

Dette må du ha med

  1. Forklar tre av desse sentrale fagomgrepa: berekraftig utvikling, FNs berekraftsmål, bryllaupskakemodellen, dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling, antropocen. Bruk eigne ord og eigne døme, helst knytte til heimstaden din. Då får du vist kompetansen din.

  2. Presenter heimstaden din. Nemn til dømes folketal, store arbeidsplassar og viktige næringsvegar og andre særtrekk ved staden. Ta gjerne med bilete og kart.

  3. Vel deg ut og presenter tre ulike berekraftsmål, eitt frå kvar av dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling (økonomi, sosiale forhold og klima og miljø – sjå bryllaupskakemodellen over).

  4. Vel ein eller to ting frå heimstaden din som kan knytast til dei tre berekraftsmåla du har valt. Døme: La oss seie at eit av berekraftsmåla dine er nummer 7: "Rein energi til alle", og det er vindmøller i kommunen der du bur. Då kan du presentere dette og vurdere i kor stor grad vindmøller er berekraftige.

  5. Diskuter med utgangspunkt i dei tre berekraftsmåla. Her skal du vurdere kva som skal til for at heimstaden din skal kunne ha berekraftig utvikling i framtida.

Tips til kjelder

Ressursar frå NDLA

Andre nettstader

Forslag til lærar

Dersom du vil utvide denne oppgåva, har vi to forslag:

  1. Sørg for at elevane vel ulike stader, i staden for at alle presenterer den same plassen. Bruk elles oppgåva over som ho er. Elevane fullfører oppgåva individuelt. Deretter set du elevane i lag i små grupper eller par og ber dei samanlikne stadene sine. Ta ein klasseromssamtale til slutt der de ser på dei ulike stadene og diskuterer likskapar og forskjellar når det gjeld moglegheitene for å oppnå ei berekraftig framtid.

  2. Bruk den same forma som oppgåva over, men be elevane velje to plassar i staden for for ein (og dei treng ikkje velje heimstaden sin). I tillegg til å løyse oppgåva over skal elevane òg samanlikne dei to valde stadene og vurdere likskapar og forskjellar når det gjeld moglegheitene for å oppnå ei berekraftig framtid.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2024

Læringsressursar

Berekraftig utvikling