Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Introduksjon til berekraftig utvikling

Geografifaget handlar om å forstå "Kvifor er det slik akkurat her?". I dette emnet skal vi forsøke å forstå "Korleis kan vi leve berekraftig her?". Du skal òg lære fagomgrep du kan bruke seinare i faget. Men først skal vi finne ut kva klassen kan om berekraftig utvikling frå før.

1. Kva er berekraftig utvikling?

A. Aktiver forkunnskapane dine

Diskuter felles i klassen før de ser videoen:

  • Kva handlar berekraftig utvikling om?

  • Kva er viktig for å skape berekraftig utvikling?

  • Kva andre ord og omgrep kan knytast til berekraftig utvikling?

B. Sjå videoen

C. Kva meiner de berekraftig utvikling er?

Reflekter rundt spørsmåla under åleine i to–tre minutt først. Gå deretter saman i grupper og diskuter spørsmåla. Til slutt styrer læraren ein klassesamtale om kva de tenker, om de var ueinige om noko i gruppene, og om de har fått nokre nye idéar etter å ha sett videoen.

  • Kva nye tankar og idéar om berekraftig utvikling dukka opp då de såg videoen?

  • Korleis kan berekraftig utvikling handle om meir enn berre natur og miljø?

  • Kva endringar må til for at vi skal leve berekraftig?

    • Korleis må samfunnet endre seg?

    • Er det noko du og eg kan gjere?

2. Kva er mest berekraftig?

Plasser dei ulike bileta på skalaen frå ikkje berekraftig på venstre side til berekraftig på høgre side. Ikkje plasser eit bilde oppå eit anna, då kan du heller plassere det over eller under biletet. Bruk gjerne heile skalaen; ting er jo som regel ikkje anten heilt berekraftig eller ikkje berekraftig i det heile teke. Her er det ikkje noko fasitsvar. Prøv å grunngi vala dine.

Dette er dei ti elementa du skal plassere på ein skala frå berekraftig til ikkje berekraftig: elsparkesykkel, stor dieselbil, kjøtt, shopping, stor elbil, buss, liten elbil, vasskraft, vindkraft og sykkel.

Du kan òg velje å løyse oppgåva munnleg eller skriftleg.

  1. Jobb individuelt med å plassere bileta i to–tre minutt.

  2. Diskuter plasseringa med ein medelev i fem minutt. Grunngi kvifor de har plassert bileta som de har gjort. Byt om på plasseringane undervegs i diskusjonen dersom du er einig i argumentasjonen til medeleven din. Når du er fornøgd, vel du "Sjekk".

  3. Diskusjon i klassen: Vis fram ulike løysingar. Diskuter nokre av punkta under:

    • Er det noko de er ganske einige om? Kvifor?

    • Er det noko de er ganske ueinige om? Kvifor?

    • Har kvar i verda vi bur, noko å seie for korleis vi plasserer bileta?

3. Ta standpunkt til påstandar om berekraft

Teikning av menneske med snakkebobler over hovuda. Illustrasjon.
  1. Heile klassen stiller seg midt i klasserommet. Den eine sida av klasserommet representerer "heilt einig". Den andre sida representerer "heilt ueinig". Resten av klasserommet er ein gradvis skala mellom desse ytterpunkta.

  2. Læraren les opp ein og ein av påstandane (sjå under).

  3. Når læraren har lese opp ein påstand, må kvar elev velje kvar hen vil stille seg på skalaen.

  4. Når alle har valt kvar dei vil stå, kan de gjerne reflektere litt rundt påstanden og om korleis klassen valde å stille seg. Gjennom refleksjonen bør de prøve å få fram nokre av nyansane ved påstanden og kvar de har plassert dykk. Det bør òg vere lov å endre plassering når ein høyrer ulike argument.

Påstandar

  • Det er berre politikarane og dei med makt som har ansvaret for å skape berekraftig utvikling.

  • Dyr har like stor verdi som menneske.

  • Vi må leve veldig annleis enn vi gjer i dag, for å leve berekraftig.

  • Eg kan bidra til å gjere verda meir berekraftig.

  • Utdanning til alle er viktig for å oppnå berekraftig utvikling.

  • Mennesket er det farlegaste rovdyret på denne planeten.

  • Olje- og gassutvinning kan aldri bli berekraftig.

  • Vasskraft er 100 prosent berekraftig.

  • Det er umogleg for meg å leve eit heilt berekraftig liv.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2024

Læringsressursar

Berekraftig utvikling