Kva kan du no om berekraftig utvikling? Korleis kan vi bruke naturen og områda rundt oss på ein meir berekraftig måte?
Korleis kan vi leve berekraftig her?
Gjennom geografifaget skal du øve på å forklare "Kvifor er det slik akkurat her?". I emnet Berekraftig utvikling har du utforska spørsmålet "Korleis kan vi leve berekraftig her?".
I emnet Berekraftig utvikling har vi gått gjennom
dei ulike dimensjonane ved berekraftig utvikling og ulike syn på kva som er det viktigaste for å skape berekraftig utvikling
FNs berekraftsmål
at vi menneske ikkje tek godt nok vare på naturen, men at utviklinga på mange andre område er positiv
ulike fagomgrep som vil vere nyttige å trekke inn når du skal jobbe med andre emne i faget
Berekraftig utvikling er eit tverrfagleg tema som går som ein raud tråd gjennom heile geografifaget. Det du har lært i dette emnet, må du ta med deg og bruke i dei andre emna i faget òg.
Har du kontroll på sentrale fakta?
Her kan du sjekke om du har fått med deg sentrale omgrep og viktig faktakunnskap om berekraftig utvikling. Du kan bla deg gjennom korta mange gonger. Når du har valt "Dette kan eg" tre gonger, vil ikkje dette kortet vere med i neste runde.
Kan du bruke det du har lært?
Gå gjennom oppgåve 1–8 under og sjå om du kan forklare det det blir spurt etter.
Velg eitt av punkta under og diskuter i par eller grupper.
Det å kunne diskutere, drøfte og vurdere er komplisert og utfordrande. Du må både forstå ein del fagomgrep, du må kunne forklare korleis ting fungerer, og så må du bruke alt dette til å vurdere ulike svar, argument og løysingar opp imot kvarandre.
Kor berekraftig er heimstaden din i dag, og kva kunne ha gjort han meir berekraftig?
Er klima og miljø den viktigaste dimensjonen ved berekraftig utvikling?
Kva bør Noreg prioritere for at utviklinga i landet skal bli meir berekraftig?
Kvifor er ikkje måten vi bruker naturen på i dag, berekraftig?
Diskuter denne påstanden: Mennesket er det farlegaste rovdyret på jorda.
Døme
For å kunne vurdere om bruken vår av naturen er berekraftig, er det fint å starte med å forklare kva berekraft og berekraftig utvikling er. Så må du kunne seie noko om korleis vi bruker naturen i dag, helst ved hjelp av ulike fagomgrep. Du må òg kunne forklare fordelar og ulemper med dagens bruk. Til slutt må du vurdere ulike alternative måtar å bruke naturen på. Kanskje er det òg fint å sjå på nokre av fordelane med å bruke naturen som vi gjer i dag. Når du diskuterer desse ulike tinga opp imot kvarandre, kan du til slutt komme fram til ein konklusjon som er godt grunngitt.
Tips til lærar
Å lære å lære
I læreplanen står det at elevane skal lære å lære. Då må dei bli bevisste sin eigen læringsprosess. Denne ressursen er laga med utgangspunkt i RAV-modellen. Han er knytt til Blooms taksonomi og er ein måte å dele inn læring på i tre nivå. Elevane kan bruke dette som eit verktøy for å bli bevisste på kva dei meistrar, og kva dei treng å trene på.
RAV (reproduksjon, anvending og vurdering)
I skulefaga skal eleven opparbeide seg kompetanse. For å ha kompetanse i noko må du både ha kunnskapar og ferdigheiter. I geografi skal elevane både lære faktakunnskap og ferdigheiter og tileigne seg evna til å diskutere og drøfte. For å hjelpe elevane å forstå kva dei skal kunne, kan vi dele dette inn i tre nivå. Denne inndelinga kallar vi RAV. God kompetanse krev at elevane meistrar alle desse tre nivåa, og vurdering er det høgaste og vanskelegaste nivået. Likevel må vi ikkje ha ei for mekanisk tilnærming. I nokre emne i faget kan til dømes god evne til attgiving gi høg måloppnåing, avhengig av kva målet er.
R = reproduksjon: Dette handlar om å kunne gi att og reprodusere fakta.
A = anvending: Dette handlar om å kunne bruke ferdigheiter, til dømes å lese informasjon frå eit kart eller ein graf, forklare korleis noko verkar, eller bruke det du har lært, i nye samanhengar.
V = vurdering: Dette handlar om å kunne analysere og drøfte. Då må du kunne gi att fakta, forklare korleis ting verkar, sjå ting i samanheng og vurdere dei ulike tinga og argumenta opp imot kvarandre.
Alle emna i geografifaget på NDLA har ein slik oppsummeringsressurs med oppgåver delt inn etter RAV-modellen.
Kjelder
Motzfeldt, G., Eie, S. & Mikkelsen, R. (2022). Vurdering i geografi og samfunnsfag. I R. Mikkelsen & P. J. Sætre (Red.), Geografididaktikk for klasserommet (4. utg., s. 327–349). Cappelen Damm Akademisk.