Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Reiselivstrendane i framtida

Kva vil prege reiselivet framover?
Måleri av Don Davis. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: undersøk

  • Jobb i grupper på to eller tre og vel ut éin til å ta notat.
  • Undersøk på nettet, diskuter i gruppa og skriv to punkt til kvar av desse deloppgåvene:

    1. Nemn døme på ulike reiselivstrendar, og forklar kvifor dei har blitt trendar.
    2. Kvifor er det viktig å kjenne til trendar i reiselivet?
    3. Kva trendar trur de vil prege reiselivet framover?

Oppgåve 2: intervju

  • De skal undersøkje kva trendar som er aktuelle for reiselivet på heimstaden dykkar.
  • Førebu eit lite intervju med ei reiselivsbedrift i nærområdet. Lag fem spørsmål om trendar i reiselivet.
  • Ring eller oppsøk bedrifta, og gjennomfør intervjuet.
  • Lag ein presentasjon av funna deira, og framfør han for dei andre i klassen.
  • Diskuter kva de meiner er dei viktigaste trendane som vil prege reiselivet på heimstaden dykkar framover.

Oppgåve 3: notat

  • Skriv eit hyggjeleg og informativt notat til turistkontoret i nærområdet basert på det de fann ut i oppgåve 1 og 2.
  • Ta med tilrådingane dykkar om kva trendar turistkontoret bør vere merksam på. Kom gjerne med forslag til korleis dei kan bruke trendane til nye og spennande produkt i reiselivet.
  • Send notatet til turistkontoret. Skriv gjerne litt om programområdet de går på. Kanskje de òg kan invitere turistkontoret til eit samarbeid?
Tredimensjonal modell av eit eventyrslott i ein skog stikk opp frå ein mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Kva skal til for at vi kan kalle ein trend ein megatrend, og kva betyding har megatrendar for reiselivsnæringa?

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2020

Læringsressursar

Interne og eksterne arbeidsvilkår