Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tilbod av og etterspørsel etter reiselivsprodukt

Korleis blir reiselivsnæringa påverka av nedgangstider? Og korleis må næringa tilpasse tilbodet av reiselivsprodukt når etterspørselen endrar seg?
Sparegris. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: undersøk

På kva måte har koronapandemien påverka reiselivet i Noreg?

Bruk nettet til å finne informasjon om

  1. korleis reiselivsnæringa i Noreg har tilpassa seg ein ny situasjon
  2. kva slags økonomiske støttetiltak næringa får
  3. korleis reiselivsnæringa lagar nye «pakketilbod»
  4. korleis noregsferie blir marknadsført til den norske marknaden
  5. korleis noregsferie blir marknadsført til den utanlandske marknaden
  6. nye former for pristilbod og rabattar, som ein konsekvens av endringar i etterspørselen under koronapandemien
  7. satsingsområde og målgrupper for reiselivet i Noreg
  8. nye reiselivsprodukt som har oppstått under og etter pandemien

Oppgåve 2: lag ein situasjonsanalyse (SWOT)

Lag ein situasjonsanalyse, eller SWOT-analyse, for norsk reiseliv med bakgrunn i funna frå oppgåve 1. List opp sterke og svake sider av reiselivet, kva truslar reiselivet står overfor, og kva moglegheiter du meiner reiselivsnæringa har i tida framover.

Situasjonsanalyse (SWOT)

Situasjonsanalysen skal beskrive og analysere dagens marknadssituasjon. Formålet er å få fram kva arbeidsvilkår destinasjon Noreg må ta omsyn til og planleggje ut frå. Analysen skal vise kva som er dei sterke og svake sidene til destinasjon Noreg (dei interne arbeidsvilkåra), og kva moglegheiter og truslar vi står overfor (dei eksterne arbeidsvilkåra).

Til dømes er det ein styrke at Noreg er eit fredeleg og trygt land, og at vi har ein vakker og unik natur. Ei svakheit er at mange opplever Noreg som eit dyrt land å reise i, og at Noreg har for lite å by på av attraksjonar. Truslar kan vere kriser og katastrofar og kva konkurrentane gjer. Moglegheiter kan vere at Noreg er unikt og naturbasert.

Oppgåve 3: spå om framtida

Lag eit framtidsscenario for norsk reiseliv, og skriv ned det du trur blir dei ti viktigaste trendane i tida framover. Bruk overskrifta «Norsk reiseliv 2030».

Oppgåve 4: klassediskusjon

  • Når de ser på svara i oppgåve 1, speglar det de fann, nye former for ferietilbod som ei følgje av nedgangstider, eller speglar det ei naturleg utvikling?
  • Korleis ser framtida ut for Noreg som turistdestinasjon?
  • Kva bør Noreg satse på for å sikre ei berekraftig utvikling i reiselivet?
  • Kva kompetanse blir viktig for utviklinga av norsk reiseliv?
Tips til informasjonskjelder

NHO Reiseliv

Visit Norway

NHO Reiseliv: Strategi «2x30» for perioden 2019–2022

Norsk reiselivsnæring 2025 – en scenarioanalyse

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2020

Læringsressursar

Interne og eksterne arbeidsvilkår