Hopp til innhald

Fagstoff

Politikk og tryggleik

Kva betyr den politiske utviklinga i eit land for reiselivet? For reiselivet, som for dei fleste andre næringar, er politisk stabilitet og tryggleik ein føresetnad for vekst og utvikling, både nasjonalt og internasjonalt.
Stor menneskemengde demonstrerer i USA med plakatar der det står mellom anna "Justice for all". Foto.

Politisk stabilitet

Dei færraste av oss ønskjer å reise på ferie til land vi opplever som utrygge. Mange ønskjer heller ikkje å støtte udemokratiske regime og avstår derfor frå feriereiser til slike land.

Ein ustabil politisk situasjon i eit land kan derfor få stor betyding for turismen i landet. Eitt døme er revolusjonen i Tunisia i 2011, der landet i løpet av 5 år mista nesten 50 prosent av turistane frå Europa. Dette var dramatisk for den lokale reiselivsnæringa. Dei siste åra har turistane vendt tilbake til Tunisia, og talet på besøkjande er snart tilbake på nivået frå før krisa.

Reiselivsnæringa er, trass i mange år med sterk vekst, ei sårbar næring. Politisk ustabilitet kan få store utslag for turismen. Innføring av strengare grensekontrollar og visum-krav kan òg få konsekvensar for reiselivet.

Tryggleik

Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv seier til magasinet Kapital at tryggleik har vorte eit mykje større fokusområde dei siste åra, om det gjeld terror eller helse. Krohn Devold fortel at fokus på generell tryggleik har vorte ein gjennomgåande trend i det internasjonale reiselivet, noko Noreg kan vinne på. Låg terrorfare og lite kriminalitet gjer at Noreg blir opplevd som eit trygt reisemål.

Tenk over

Korleis kan ei demokratisk utvikling opne for nye marknader i reiselivet? Ser du andre positive effektar av dette, anna enn at reiselivsnæringa skaffar viktige inntekter?

Kjelde


Straume, H. (2020, 6. august). Dette kan bli reiselivstrendane i framtida. Kapital. https://kapital.no/reise/aktuelt-na/2020/08/06/7551847/kristin-krohn-devold-om-fremtidens-reiseliv

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 29.09.2020

Læringsressursar

Interne og eksterne arbeidsvilkår