Hopp til innhald

Fagstoff

Demografiske faktorar

Ei beskriving av korleis befolkninga er samansett med omsyn til mellom anna kjønn, alder og bustad blir kalla demografi. Dei demografiske faktorane har mykje å seie for trendar i reiselivet.
Ei stor mengde menneske og baderingar i eit overfylt symjebasseng i sommarvarmen i Suining, Kina. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samansetjinga av befolkninga

Demografi beskriv korleis befolkninga er samansett med omsyn til kjønn, alder, sivilstand og familietilhøyrsel, og dessutan korleis ho blir forventa å utvikle seg.

I Noreg opplever vi at befolkninga totalt ikkje aukar veldig mykje. Samtidig ser vi ei utvikling der ein stadig større del av befolkninga består av eldre menneske.

Befolkninga blir eldre

I dag er marknaden for eldre reisande sterkt aukande. Dette kjem først og fremst av eit lengre og meir aktivt pensjonisttilvere. Slik er ei demografisk utvikling mot høgare levealder med på å skape nye trendar og nye marknadsmoglegheiter. Pensjonsalder, privatøkonomi, ferielengd og folkehelse er òg med på å påverke reisemønstera til dei eldre.

Ei utvikling med fleire eldre skaper behov for nye ferieformer og ferieinnhald. Den eldre målgruppa har behov for betre tilrettelegging med når det gjeld transport, overnatting og aktivitetstilbod.

Mange norske pensjonistar er langtidsturistar, spesielt i Spania, Thailand og Tyrkia. Mange bur i leilegheit eller hus som dei eig eller leiger. Reiselivsnæringa i desse landa har derfor utvikla eigne tenester og servicetilbod for denne målgruppa. Tilboda har ofte eit norsk preg, men inneheld òg kulturell utveksling med lokalbefolkninga.

Fleire åleinebuande

Det blir òg fleire åleinebuande i alle aldrar. Denne befolkningsgruppa dreg på fleire og kortare ferieturar enn andre grupper i samfunnet. Korte storbyferiar, "reis alene – sammen"-konseptet frå turoperatøren Carpe Diem eller "singelturar" med til dømes Den Norske Turistforening er populære ferieformer for denne gruppa. Bookingsida Hostelworld hadde 42 prosent auke i åleinereisande frå 2015 til 2018. Ifølgje Statistisk sentralbyrå var delen personar i Noreg som bur åleine, 18,3 prosent 1. januar 2020, og den største delen bur i Oslo.

Tal frå ssb.no

Les meir om åleinebuande hos Statistisk sentralbyrå.

Fleire bur i byar

Både i Noreg og andre vestlege land ser vi ei endring i kvar vi ønskjer å bu. Det blir meir populært å bu i byar og mindre populært å bu i distrikta. Dette gir både moglegheiter og truslar for reiselivet. Det gir moglegheiter i form av at fleire ønskjer å nytte reiselivsprodukt knytte til naturen, men det gir truslar for reiselivsprodukt som er knytte til autentiske kulturlandskap prega av busetjing og produksjon.

Kjelder

Hostelworld. (2018). Solo Travel Soars in Popularity. Henta frå http://www.hostelworldgroup.com/~/media/Files/H/Hostelworld-v2/press-release/solo-travel-soars-in-popularity.PDF

Statistisk sentralbyrå. (2020, 25. juni). Flere bor alene. Henta frå
https://www.ssb.no/befolkning/artikler-og-publikasjoner/flere-bor-alene

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 24.09.2020

Læringsressursar

Interne og eksterne arbeidsvilkår