Kva er setningsanalyse?
Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:
- Setningsanalyse
- Setningsanalyse er å studere setningar for å finne ut kva oppgåve kvar del har i setninga.
- Setningsledd
- Eit setningsledd er ein del av ei setning. Det kan vere eit eller fleire ord. "Guten åt eit kokt egg" har tre setningsledd: "guten", "åt" og "eit kokt egg".
- Funksjonen til setningsleddet
- Funksjonen til setningsleddet handlar om å finne ut av kva rolle dei ulike setningsledda har. Kven handlar? Kva skjer? Dette er døme på spørsmål vi finn svar på når vi studerer funksjonen til setningsleddet.
Når du analyserer setningar, deler du setningane opp og studerer dei. I ei setning har kvar del ein funksjon. Det er denne funksjonen vi er på jakt etter når vi analyserer ei setning. Vi spør til dømes:
Kven er det som handlar? (subjekt)
Kva blir gjort? (verbal)
Når blir det gjort? (adverbial)
Kven er handlinga retta mot? (direkte objekt)
Kven får noko? (indirekte objekt)
Eit døme
Setninga "Mannen gav dama ein ring i går" kan vi dele opp slik:
Kven er det som handlar? mannen (subjekt)
Kva blir gjort? gav (verbal)
Når blir det gjort? i går (adverbial)
Kven er handlinga retta mot? en ring (direkte objekt)
Kven får noko? dama (indirekte objekt)
Det er viktig å kunne setningsanalyse for å skrive gode setningar. Dette gjeld spesielt når du skal lære eit nytt språk. Norsk har ganske strenge reglar for ordstilling i setningar.
Viss du kan analysere setningar, er det mykje enklare for deg å forstå desse reglane.
Diskuter:
Har de eit døme på ein forskjell i korleis norsk og førstespråket dykkar set saman dei ulike delane i ei setning?
Setningsanalyse er dessutan fint å kunne når du skal samanlikne førstespråket ditt med norsk. Det kan både gi deg betre kunnskapar både om førstespråket ditt og norsk.
Du bør kunne desse seks setningsledda:
subjekt (Kven handlar?)
verbal (Kva er handlinga?)
direkte objekt (Kven er handlinga retta mot?)
predikativ (Beskriv subjektet eller objektet nærare.)
indirekte objekt (Kven får noko i setninga?)
adverbial (Når skjer det? Kvar skjer det? Korleis skjer det?)
I neste trinn i læringsstien skal du lære om setningsledd, subjekt, verbal og direkte objekt.
Relatert innhald
Kva er eit setningsledd? Og kva er forskjellen på eit setningsledd og eit ord?
Lær å lage gode setningar på norsk med lappemetoden.