Kva kan du om subjekt, verbal og direkte objekt?
Dette er ein del av ein læringssti om setningsanalyse. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er setningsanalyse?".
Sit i par eller grupper. Finn verbal, subjekt og direkte objekt i setningane på korta. Trykk på i-knappen for hint. Svaret finn de ved å snu kortet.
Les spørsmålet øvst. Trykk på rett svar.
Dra det du meiner er det direkte objektet ned til boksen der det står "Direkte objekt".
Del 1: Studer setningane under
Prøv å formulere ein regel for korleis norsk plasserer subjekt (S), verbal (V) og direkte objekt (DO) i ei setning.
NB! I setning 2 og 3 finn du setningsleddet "i dag". Dette er eit adverbial. Det som er viktig, er at du ser kvar subjektet og verbalet står når adverbialet skiftar plass.
I setninga "Han et suppe" er "han" subjekt, "et" verbal og "suppe" direkte objekt.
I setninga "Vi besøker han i dag" er "vi" subjekt, "besøker" verbal, "han" direkte objekt og "i dag" adverbial.
I setninga "I dag besøker vi han" er "i dag" adverbial, "besøker" verbal, "vi" subjekt og "han" direkte objekt.
I setninga "Kan du kjøpe ei gåve?" er "kan kjøpe" verbal, "du" subjekt og "ei gåve" direkte objekt.
Del 2: Samanlikn
Omset setningane i del 1 til førstespråket ditt.
Gå med ein annan i klassen. Samanlikn korleis førstespråka dykkar og norsk plasserer setningsledda subjekt, verbal og direkte objekt.
Gå vidare i læringsstien for å lære meir om setningsleddet predikativ.