Kva er indirekte objekt?
Desse omgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:
- Å ta imot
- Å ta imot er å få noko. "Han tek imot eit brev" betyr "Han får eit brev".
- Mottakar
- Ein mottakar er den som får noko. "Han er mottakar av brevet" betyr at det er "han" som får brevet.
- Preposisjon
- Preposisjonar er ein ordklasse med små ord du ikkje kan bøye. Ofte seier dei noko om kvar noko er: "under" bordet, "ved sida av" bordet og "oppå" bordet.
- Preposisjonsuttrykk
- Preposisjonsuttrykk er setningsledd som startar med ein preposisjon: "på bordet", "under bordet", "i kassa".
Dette er ein del av ein læringssti om setningsanalyse. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er setningsanalyse?".
Det indirekte objektet i ei setning er den som tek imot noko. Det betyr at mange setningar ikkje har indirekte objekt. Det er typisk setningar med verb som "gir" og "sender" som har indirekte objekt.
I setninga "Ho sender guten eit brev" er "guten" indirekte objekt.
I setninga "Eg gir mamma ein klem" er "mamma" indirekte objekt.
Kvar står det indirekte objektet på norsk?
På norsk er det vanleg at det indirekte objektet står etter verbalet:
I setninga "Han sender henne eit brev" er "henne" indirekte objekt, og det står etter verbalet "sender".
I setninga "Vi gir guten ein klem" er "guten" indirekte objekt, og det står etter verbalet "gir".
På norsk kan du gjere det indirekte objektet om til eit preposisjonsuttrykk. Preposisjonsuttrykk er setningsledd som startar med ein preposisjon:
I setninga "Han sender eit brev til henne" er "til henne" eit preposisjonsuttrykk.
I setninga "Vi gir ein klem til guten" er "til guten" eit preposisjonsuttrykk.
Når mottakaren står i eit preposisjonsuttrykk, har ikkje setningsleddet funksjonen indirekte objekt. Preposisjonsuttrykk er nemleg adverbial i setninga. Adverbialet kan du lese meir om seinare i læringsstien.
Gå vidare i læringsstien for å teste kunnskapen din om indirekte objekt.
Relatert innhald
Lær om kva eit indirekte objekt er, og korleis du finn det i ei setning.
Lær å lage gode setningar på norsk med lappemetoden.