Kva kan du om predikativ?
Dette er ein del av ein læringssti om setningsanalyse. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er setningsanalyse?".
Oppgåve 1. Predikativ eller direkte objekt?
Klarer du å finne og skilje direkte objekt og predikativ? Dra til rett boks.
Oppgåve 2. Predikativ og tal
Predikativ blir bøygd i tal. Fyll inn det som er rett form av predikativet i boksen. Du skal velje mellom dei to formene som står i parentes.
Oppgåve 3. Predikativ og kjønn
Når predikativet er eit adjektiv, må du òg hugse å bøye det etter kjønn. I denne oppgåva skal du skrive inn det du meiner er rett form av predikativet.
Korleis kan eg vite kva kjønn substantivet er?
I denne oppgåva finn du kjønn på substantiva slik:
Viss substantivet endar på -en (hunden), er det hankjønn.
Viss det endar på -a (jenta), er det hunkjønn
Viss det endar på -et (huset) er det inkjekjønn.
Slik bøyer du predikativet etter kjønn:
Hunden er stor_
Jenta er stor_
Huset er stort
Gå vidare i læringsstien for å lære meir om indirekte objekt.