Kva kan du om adverbial?
Dette er ein del av ein læringssti om setningsanalyse. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er setningsanalyse?".
Sit i par. Diskuter kva som er adverbialet i setninga på kortet. De kan bruke info-knappen for å få hint. Når de har blitt einige, snur de kortet. På baksida er adverbialet utheva.
Del 1: Lag eigne adverbial
Lag ei setning til kvart av dei fem bileta under. I kvar setning skal det vere adverbial. Det bør vere minst
eit adverbial som seier noko om når noko skjer
eit adverbial som seier noko om korleis noko skjer
eit adverbial som seier noko om kvar noko skjer
Byt setningar med ein annan i klassen. Finn adverbiala i setningane den andre har laga.
Set dykk saman og samanlikn. Har de funne adverbiala i setningane til kvarandre?
Del 2: Omset til førstespråket ditt
Omset setningane du laga i del 1 til førstespråket ditt.
Marker omsetjinga di av det norske setningsadverbialet i setningane på førstespråket ditt.
Samanlikn førstespråket ditt med norsk. Klarer du å seie noko om forskjellar eller likskapar når språka seier noko om
når noko skjer
korleis noko skjer
kvar noko skjer
Setningsadverbial er små ord som vi bruker mykje. Dra det du meiner er setningsadverbialet til boksen med namnet "setningsadverbial".
No skal du samanlikne måten norsk og førstespråket ditt bruker setningsadverbial på. Her kjem to tips til kva du kan sjå etter:
På norsk er setningsadverbialet ofte eit ord som står for seg sjølv. Er det sånn på førstespråket ditt?
Står setningsadverbialet på same plass på norsk og førstespråket ditt?
Omset desse setningane til førstespråket ditt:
"Eg er ikkje sur." Her er "ikkje" setningsadverbial.
"Ho går ofte til skulen." Her er "ofte" setningsadverbial.
"Vi besøker sjeldan byen." Her er "sjeldan" setningsadverbial.
"Dessverre kan eg ikkje komme." Her er "dessverre" setningsadverbial.
Gå saman med ein annen i klassen. Diskuter korleis førstespråka dykkar bruker setningsadverbial og samanlikn med norsk.
Gå vidare i til siste steg i læringsstien. Der skal du teste alt du har lært om setningsanalyse.
Relatert innhald
Lær å lage gode setningar på norsk med lappemetoden.