Hopp til innhald
Fagartikkel

Somali og norsk

Somali og norsk er to svært forskjellige språk. I denne artikkelen ser vi på korleis dei to språka er ulike når det gjeld grammatikk og uttale. Vi vil òg gi nokre tips til dykk som snakkar somali og held på å lære dykk norsk.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Fonologi
Fonologi er læra om ulike lydar i språket.
Vokalar
Vokalar er språklydar der lufta går fritt gjennom munnen. Ho blir ikkje stoppa av lepper, tunge eller tenner. Døme på vokalar er a, e og i.
Konsonantar
Konsonanter er språklydar som blir laga ved at tunge, tenner eller leppe stoppar luftstraumen. Døme på konsonantar er m, g og p.
Setningsledd
Setningsledd er ein del av ei setning. Leddet kan bestå av eit eller fleire ord. Setninga Guten åt eit kokt egg (Wiilkii waxa uu cunay ukun karsan) har tre setningsledd: "Guten" er subjekt, "åt" er verbal, og "eit kokt egg" er objekt.
Subjekt
Subjektet er ofte setningsleddet som viser kven eller kva som gjer noko: Nina kjøpte skjerfet i går (Nina shalay ayay iibsatay cumaamadda). I denne setninga er "Nina" subjektet.
Verbal
Verbalet er setningsleddet som viser handling: Nina kjøpte skjerfet i går. I denne setninga er "kjøpte" verbalet.
Objekt
Objektet er setningsleddet handlinga er retta mot: Nina kjøpte skjerfet i går. I denne setninga er "skjerfet" objektet.

Om somali

Somali er eit afroasiatisk språk, som er i slekt med arabisk. Norsk og somali er ikkje i slekt i det heile, sidan norsk er eit indoeuropeisk språk.

Somali og norsk

Viss vi samanliknar språka somali og norsk – kva er dei aller viktigaste forskjellane vi må legge merke til?

Skriftsystem

Både somali og norsk blir skrivne med det latinske alfabetet. Likevel er det nokre viktige forskjellar:

  • Somali bruker ikkje bokstavane p, v, z, æ, ø og å.

  • I det somaliske alfabetet er to bokstavar sette saman for å vise ein lyd: dh, kh, sh.

Fonologi – lydar

Vokalar

Norsk har ni vokallydar. Somali har fem vokallydar. Somali manglar -æ (væte) -u (hus), -y (sy) og -ø (søt) (Husby, 2001, s. 14). Men nokre av dei vokallydane som på somali blir sagde framme i munnen, kan likne på -ø, -u og -æ, så dei er ikkje så vanskelege å lære. Men -y må øvast på (Bøyesen, 1999, s. 15).

Korte og lange vokalar er viktige i både norsk og somali. Vi seier at lang og kort vokal er betydningsskiljande. Det betyr at når to ulike ord har akkurat dei same lydane, er det einaste som gjer dei ulike, kort og lang vokal. På norsk er eit døme tak og takk. Det første ordet skal du seie med lang vokal (aa), det andre med kort (a). På somali er eit døme jid, som betyr veg og jiid, som betyr å dra (Gleeson eit. avl. 1982, s. 2).

Ein viktig forskjell mellom somali og norsk er korleis dei skriv lang og kort vokal. Som du ser i dømet over, lagar norsk kort vokal med to konsonantar: takk, mens somali gjer det med to vokalar: jiid. Så sjølv om kort og lang vokal er kjende for dei med somali som førstespråk, kan det vere vanskeleg å lære seg forskjellen på enkel og dobbel konsonant.

Konsonantar

Det er mange like konsonantlydar på norsk og somali, men somali har fleire lydar som blir langt laga nede i halsen. Dette finst ikkje på norsk. I skrift blir bokstavane c, x og q brukte for å vise desse lydane på somali. På norsk bruker vi ikkje desse bokstavane mykje, men om vi bruker dei, er det for andre lydar enn på somali.

Somali har ikkje konsonantlydane -p, -v, -kj og -ng. Det er derfor lydar som dette kan vere lurt å øve på for dei med somali som førstespråk.

Tonar

Ein spesiell ting med somali er at det er eit tonespråk. Det betyr at to ulike ord har same lydane, men dei betyr ulike ting på grunn av måten vi bruker tonar på (høg eller låg stemme).

Eit døme på norsk er orda bønder (fleirtal av bonde) og bønner (fleirtal av bønne). Det einaste som gjer dei ulike, er staden der du har høg eller låg tone i ordet. Til dømes vil ein person frå Austlandet ha låg tone på første staving og høg tone på andre staving: bønd -er. Men når denne personen seier ordet "bønner", får første staving ein høg tone, og så "glir" tonen nedover: bønn - er.

I somali er tonar spesielt viktige for å forandre ord, som for å lage eintal og fleirtal av substantiv. Du kan lese meir om dette under "substantiv" lenger nede.

Både norsk og somali har tonar, men tonar er mykje viktigare i det somaliske språket enn i norsk.

Stavingar

På norsk kan det vere mange konsonantar etter kvarandre. I ordet skrive er det til dømes tre konsonantar først i ordet: S-K-R. På somali kan ikkje fleire konsonantar stå etter kvarandre. Derfor vil somalisktalande ofte bruke vokalar mellom konsonantar for at orda skal bli lettare å sjå: Sikrive. Desse vokalane bruker mange òg i skrift, slik at dei skriv sikrive i staden for skrive.

Det kan derfor vere lurt å øve på uttale av stavingar med mange konsonantar etter kvarandre på norsk.

Syntaks – setningar

Norsk, eit leddstillingsspråk med SVO-ordstilling

Norsk har strenge reglar for korleis orda skal plasserast i ei setning. I har vi SVO-ordstilling. Det betyr at skal stå før , mens skal stå etterpå (Nina kastar ballen).

Somali, SOV-leddstilling og fokusord

Somali har SOV-leddstilling, men reglane er ikkje så strenge for kvar i setninga ord skal stå som på norsk.

I somali er det viktigare kva setninga handlar om enn kven som er subjekt eller objekt. For å vise dette har somali fokusord. Fokusord er ord som baa, ayaa og waxaa. Sjå til dømes på denne setninga som betyr Nina kasta ballen:

  • Nina ayaa (fokusord – Det var Nina) tuurtay (kasta) kubbadda (ballen).

Her blir fokusordet ayaa brukt for å vise at det viktigaste leddet i setninga er Nina, altså subjektet. Det er ho som handlar, ho kasta ballen.

Viss du vil fokusere på objektet, bruker du waxay som fokusord:

  • Faadumo waxay (fokusord – tingen) furaysaa (opnar) buug (ei bok).

I denne setninga er det viktigaste kva som blir opna, nemleg ei bok (Husby, 2001, s. 57).

Vanskar

Dei strenge reglane for plassering av ord i norske heil- og leddsetningar kan altså vere vanskeleg for dei med somali som førstespråk, då måten somaliske setningar blir laga på, er ulike den norske. Eit døme på ein slik regel er V2-regelen.

V2-regelen

Eit ved norsk er det som heiter V2-regelen. Det betyr at på norsk skal verbet stå på andreplass i forteljande heilsetningar:

  • Adam et pizza i dag. (Aadam maanta biisa ayuu cunayaa.)

  • I dag et Adam pizza. (Maanta Aadam wuxuu cunayaa biisa.)

Som du ser har verbet "et" andreplassen når vi set "i dag" først. Slik er det ikkje på somali. Derfor kan personar som har somali som førstespråk ofte seie: I dag Adam et pizza.

Ordklassar

Somali er eit syntetisk språk. Det betyr at du legg til delar (som endingar) på ord for å vise tid, fleirtal, eller kven som gjer noko. Norsk er ikkje like syntetisk som somali.

Syntetisk språk?

Du kan lese meir om syntetiske og analytiske språk i fagartikkelen "Syntetiske og analytiske språk".

Substantiv

Det er mykje likt med norske og somaliske substantiv. Til dømes har begge kjønn på substantiv. Dessutan bruker begge språka endingar for å vise eintal og fleirtal (dame – damer/ naagnaago) og bestemtheit.

Ein forskjell mellom norsk og somali er at mens norsk har tre kjønn (hankjønn, hokjønn og inkjekjønn), har somali to (hankjønn og hokjønn).

Ein annan forskjell mellom norsk og somali er at somali òg kan bøye substantiv i tal med tonar. Sjå dømet her:

Noko som kan vere vanskeleg for dei som snakkar somali, er å bruke ubestemd artikkel () framfor substantiv. Somali har ikkje ubestemd artikkel, slik som norsk. På norsk heiter det Eg har ein katt. På somali Waxaan leeyahay bisad (Eg har katt).

Preposisjonar

På norsk er det mange preposisjonar. Som oftast står dei framfor eit substantiv. I desse setningane er bak, og i preposisjonar:

  • Eg er bak bilen.

  • Han er i sentrum.

  • Vi kjem måndag.

Somali har fire småord som kan likne norske preposisjonar. Men dei står framfor verbet, ikkje substantivet slik som på norsk. I denne setninga har til dømes ordet funksjonen å fortelje om retning/stad:

  • makhsínkíi ayùu baxay

Denne setninga betyr Han gjekk ut av rommet og kan omsetjast ordrett som rommet (makhsínkíi) fokusord (ayùu) frå () gjekk (baxay).

I somali blir ord som beskriv korleis ulike ting er i forhold til kvarandre, brukte til å seie det same som når vi på norsk bruker preposisjonar. Setninga markabka gudihiisa kan til dømes omsetjast ordrett til norsk som: båten dets interiør. På norsk ville vi brukt preposisjonen "inni" for å seie det same: inni båten (Peters & Meyer, 2016).

Oppsummering

Dette er det spesielt viktig å øve på om du har somali som førstespråk:

  • den norske vokalen -y

  • konsonantlydane -p, -v og -kj

  • uttale av mange konsonantar etter kvarandre

  • dei strenge reglane for plassering av ord i setningar, mellom anna V2-regelen.

  • kjønn på substantiv

  • ubestemd artikkel (determinativ)

  • preposisjonar

Kjelder

Bøyesen, L. (1999). Ei kort oversikt over albansk, arabisk, somali, tyrkisk, urdu og vietnamesisk. I Hauge, An-Magritt. Lærarrettleiing småskulen. Generell del. Norsk som andrespråk for språklege minoritetar. Oslo: Cappelen. liv-bC3%B8yesen.PDF

Eriksen, P.K. (2019). Nye språk i Noreg – ein språkodyssé. Pax forlag AS.

Husby, O. (2001). Kort innføring i Somali. Tapir forlag. 8b83602c707a9fa4b4e81b6eb3084264?page=15&searchText=Somali

Peters L. & Mayer C. (2016). Somali and English: Some Differences and the Implications for Writing Tutors and Instructors. /https://minnetesoljournal.org/somali-and-english-some-differences-and-the-implications-for-writing-tutors-and-instructors/

Relatert innhald

Fagstoff
Forstå V2-regelen

Å forstå V2-regelen er viktig for å lære seg norsk. I denne artikkelen får du ei innføring i regelen og skal sammanlikne norsk med førstespråket ditt.

Fagstoff
Bestemtheit

Kva er bestemtheit, og korleis bruker du det riktig på norsk?