Hopp til innhald
Fagartikkel

Kinesisk og norsk

Viss vi ser på talet på morsmålsbrukarar, er kinesisk det største språket i verda. Her kan du lære meir om språket og om forskjellar mellom norsk og kinesisk.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Fonologi
Fonologi er læra om lydane i eit språk.
Tonespråk
Tonespråk er språk der tonar speler ei viktig rolle. Ord kan ha ulik betydning når dei blir uttalte med ulike tonefall.
Staving
Vi kan dele opp ord i stavingar. Du kan finne stavingane i eit ord ved å seie ordet langsamt og klappe mens du snakkar. Når du til dømes seier ordet "skule", klappar du to gonger, éin gong når du seier sku, og éin gong når du seier le. Ordet har altså to stavingar. Ordet "hund" har éi staving, mens ordet "mobiltelefon" har fem stavingar: mo, bil, te, le, fon.
Syntetiske språk
Syntetiske språk er språk med mykje ordbøying. Norsk er eit svakt syntetisk språk: Det har ikkje fullt så mykje bøying som ein del andre syntetiske språk. Eit døme på bøying i norsk er gradbøying av adjektiv. Adjektivet "fin" blir til dømes gradbøygd slik: fin – finare – finast. Endinga markerer ulike gradar av det å vere fin.
Analytiske språk
Analytiske språk er språk med lite ordbøying. Orda forandrar seg derfor lite eller ikkje i det heile. Kinesisk er eit analytisk språk.
Vokal
Vokalar er språklydar der luftstraumen går fritt gjennom munnen. Han blir ikkje stoppa av lepper, tunge eller tenner. Døme på vokalar er A, E og I.

Om kinesisk

Kinesisk høyrer til den sino-tibetanske språkfamilien, som er ein stor språkfamilie aust i Asia. Moderne kinesisk blir ofte kalla mandarin fordi det bygger på mandarindialektane som blir snakka i dei nordlege delane av Kina. Men kinesisk omfattar også ei rekke andre dialekter, til dømes hakka og kantonesisk (Eifring, 2022). Om vi ser på talet på morsmålsbrukarar, omtrent 900 millionar, er kinesisk det største språket i verda (Dorren, 2021, s. 338).

Kinesisk og norsk

Kinesisk og norsk er to veldig ulike språk. Årsaka er at dei høyrer til to ulike språkfamiliar: Kinesisk høyrer som nemnt til den sino-tibetanske språkfamilien, mens norsk er eit indoeuropeisk språk.

Skriftsystem

Det kinesiske skriftsystemet er det eldste skriftsystemet i verda som framleis er i bruk. Det har veldig mange skriftteikn: Ein person som skal lære seg å lese og skrive kinesisk brukbart, må meistre omtrent 3000 teikn.

Kvart kinesiske skriftteikn består av to delar: Den eine delen fortel korleis ordet skal uttalast, og den andre delen viser kva innhald teiknet har. Teiknet (mā) til dømes betyr "mor". Det er sett saman av teiknet for kvinne, og av eit teikn som viser at ordet skal uttalast "ma" med ein jamn og høg tone (Dorren, 2018, s. 345).

Det norske alfabetet har berre 29 bokstavar. Det bygger på at kvar bokstav står for ein bestemd lyd. Til dømes står bokstaven a for a-lyden.

Nokre få lydar i norsk har likevel ikkje sin eigen bokstav. Vi bruker til dømes to bokstavar for å skrive kj-lyden.

Lydsystem (fonologisk system)

Lydane i kinesisk er ikkje så ulike dei norske. Den største forskjellen mellom norsk og kinesisk uttale er at tonar er mykje viktigare i kinesisk enn i norsk. Kinesisk er nemleg eit tonespråk.

Tonespråk

For å forklare kva eit tonespråk er, kan vi igjen sjå på det kinesiske ordet "ma". Dette ordet kan bli uttalt på ulike måtar og får då heilt ulik betydning:

  1. med høg og jamn tone: mā , "mor"

  2. med stigande tone: má , "hamp"

  3. med "duppande" og stigande tone: mǎ , "hest"

  4. med fallande tone: mà , "å skjelle ut"

Moderne standard kinesisk har fire ulike språktonar, mens andre kinesiske dialekter kan ha fleire eller færre.

Også norsk har tonar. Det er til dømes berre tonen som skil når vi uttaler orda "bønder" og "bønner". Ein person frå Austlandet uttaler "bønder" med låg tone på første staving og høg tone på andre staving: bønd -er. Men når denne personen seier ordet "bønner", får første staving ein høg tone, og så "glir" tonen nedover: bønn - er.

Sjølv om norsk skil mellom to tonar, har ikkje tonane nokon særleg viktig funksjon i språket fordi uansett viser oss korleis vi skal oppfatte ordet.

Stavingar

Ein annan forskjell mellom norsk og kinesisk er at norske ord kan ha mange konsonantar rett etter kvarandre. Ordet "språk" til dømes startar med tre ulike konsonantlydar: s, p og r.

I kinesiske stavingar kjem det vanlegvis ikkje fleire konsonantlydar etter kvarandre. Derfor vil mange kinesarar som lærer norsk, synest at norske stavingar er vanskelege å uttale.

Ordklassar

Ein heilt grunnleggande forskjell mellom norsk og kinesisk er at norsk er eit syntetisk språk, mens kinesisk er eit analytisk språk. Typisk for analytiske språk er at orda sjeldan eller aldri endrar form. I syntetiske språk derimot får orda (endingar). Suffiksa gir informasjon om til dømes tid eller tal. Vi skal sjå nærare på nokre døme frå ordklassane verb og substantiv.

Verb

I kinesisk har verbet berre éi form. Informasjon om tid får vi gjennom konteksten eller gjennom og tidsord (i går, i dag og så vidare).

På norsk bøyer vi verb i tid: No et vi (presens), og i går åt vi (preteritum). Endinga på verbet fortel oss om handlinga skjer no, eller om ho allereie har skjedd.

Under ser du korleis kinesisk bruker ordet le (aspektpartikkel) for å vise at ei verbhandling er gjennomført, mens norsk bruker endingar på verbet for å vise at noko er notid eller fortid:

Verb på norsk og kinesisk

Verb på kinesisk

Verb på norsk

他吃了两碗饭。han ete-le to skåler ris
Tā chī le liǎng wǎn fàn.Han har ete / åt to skåler ris.

Ein person med kinesisk som morsmål kan synast at det er vanskeleg å lære korleis vi bøyer norske verb i tid.

Åtte måtar å uttrykke tid på!

Norsk har heile åtte ulike former som uttrykker fortid, notid eller framtid:

Tidsformer i norsk

Namn på tidsform

Døme

PresensEg et.
PreteritumEg åt.
Presens perfektumEg har ete.
Preteritum perfektumEg hadde ete.
Presens futurumEg skal ete.
Preteritum futurumEg skal ha ete.
Presens futurum perfektumEg skulle ete.
Preteritum futurum perfektumEg skulle ha ete.

(Mac Donald, 2014, s. 105)

Substantiv

Kinesiske substantiv har også berre éi form, akkurat som dei kinesiske verba. I staden for bøying har kinesisk eigne ord som fortel om tal og bestemtheit. Vi bruker det kinesiske ordet for menneske, rén , som døme og viser korleis det kan bli kombinert med andre ord:

substantiv på norsk og kinesisk

Tall og bestemthet på norsk

Tall og bestemthet på kinesisk

to menneskeliǎng ge rén ( 两个人 )
dette mennesketzhè ge rén (这个人)
det mennesketnà ge rén (那个人)
desse to menneskazhè liǎng ge rén (这两个人)

På norsk bruker vi suffiks (endingar) som gir informasjon om tal og bestemtheit: eit menneske – mennesket, fleire menneske – desse menneska. Men i tillegg bruker vi eigne ord som står framfor substantivet, nemleg bestemmarorda. I døma over er bestemmarorda to, dette, det og desse.

Det kan vere vanskeleg for personar med kinesisk som morsmål å hugse på å bøye substantiv i eintal, fleirtal og i bestemd og ubestemd form. Dei er jo ikkje vane til å måtte gjere dette på førstespråket sitt.

Oppsummering

Følgande er det spesielt viktig å øve på om du har kinesisk som morsmål:

  • å seie fleire ulike konsonantlydar etter kvarandre (språk: S- P-R-Å-K)

  • å bøye verb i tid

  • å bøye substantiv i tal og bestemtheit

Kjelder

Dorren, G. (2021). Jorda rundt på 20 språk. Pax Forlag.

Eifring, H. (2023, 5. oktober). Kinesisk. I Store norske leksikon på snl.no. https://snl.no/kinesisk

Mac Donald, K. (2014). Norsk grammatikk for læreren. Cappelen Damm.

Relatert innhald

Fagstoff
Syntetiske og analytiske språk

Kva er forskjellen på syntetiske og analytiske språk? Finn òg ut om førstespråket ditt er syntetisk eller analytisk.