Thai og norsk
Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:
- Fonologi
- Fonologi er læra om ulike lydar i språket.
- Vokalar
- Vokalar er språklydar der luftstraumen går fritt gjennom munnen. Han blir ikkje stoppa av lepper, tunge eller tenner – til dømes: a, e og i.
- Konsonantar
- Konsonanter er språklydar som blir laga ved at tunge, tenner eller leppe stoppar luftstraumen. Døme på konsonantar er m, g og p.
- Stavingar
- Vi kan dele ord opp i stavingar. Stavingane skaper rytme i det munnlege språket. Du kan klappe ei staving. Til dømes har ordet "skule" to stavingar: sko og le. Ordet "hund" har éi staving, mens ordet "mobiltelefon" har fem stavingar: mo, bil, te, le og fon.
- Subjekt
- Subjektet er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga Mali drikk vatn (มาลดมนำ) er "Mali" subjekt.
- Verbal
- Verbalet er setningsleddet som fortel kva som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga Mali drikk vatn er "drikk" verbalet.
- Objekt
- Objektet i ei setning er hen eller det handlinga er retta mot. I setninga Mali drikk vatn er "vatn" objektet.
- Syntetiske språk
- I syntetiske språk kan mykje informasjon bli samla i eit langt ord. Døme: På tyrkisk kan "kitaplarımızda" bety "i bøkene våre". Her har ein mykje informasjon i eit ord: kitap = bok, let = våre (eigarskap), ımız = i, då = posisjon (kvar).
- Analytiske språk
- I analytiske språk blir mange ulike ord brukte for å gi informasjon, i staden for å bruke lange ord med mange betydningar. Thai bøyer ikkje verb i tid eller substantiv i tal. Det er eit døme på eit analytisk språk.
Cirka 20 millionar menneske har thai som førstespråk (Husby, 2024, s. 249). Akkurat som norsk har thai mange dialektar. I thai finst det òg ulike måtar å snakke på, avhengig av kven du snakkar til, og kor høfleg du vil vere. Orda ein person vel å bruke på thai, avheng mykje av statusen til både den som snakkar og den som blir snakka til.
Skriftsystem
Norsk bruker det latinske alfabetet. Kvar bokstav i det latinske alfabetet representerer ein lyd. Ord blir sette saman av bokstavar, og mellom kvart ord er det luft. Norsk skil setningar med komma og punktum.
Thai bruker eit stavingsalfabet. Det betyr at kvar bokstav ikkje representerer ein lyd, men ei staving, altså ein konsonantlyd + ein vokallyd. Ein viktig forskjell mellom norsk og thai er at thai ikkje har mellomrom mellom ord og ikkje bruker punktum eller komma. Thai bruker luft mellom setningar (Husby, s. 249). Til dømes vil den norske setninga Ein gong gjekk eg til byen for å besøke bestemor mi bli omsett slik: ครงหนงฉนไปเมองเพอเยยมยาย.
Fonologi – lydar
Vokalar
Ein likskap mellom norsk og thai er at begge språka har mange vokalar. Men det betyr ikkje at dei har dei same vokalane. Til dømes har thai mange vokalar som blir uttalte bak i munnen, som norsk ikkje har.
Norsk har tre vokalar som blir uttalte med runde lepper: y, u og ø. Desse tre vokalane har ikkje thai. Derfor må dei med thai som førstespråk som vil lære seg , øve på nettopp desse tre vokalane.
Konsonantar
Dei norske konsonantlydane /r/ og /l/ er vanskelege for dei med thai som vil lære norsk viss desse lydane står på slutten av eit ord. Grunnen er at thai berre kan ha desse to konsonantlydane først i ord. Mange med thai som førstespråk vil derfor ikkje ha problem med å seie "regn" og "like", men med å seie "bil", "bar", "far" og så vidare. Ofte vil uttalen av /l/ og /r/ her likne ein /j/.
Stavingar
Thai og norsk har ulike stavingssystem. Norsk kan ha veldig mange konsonantlydar (K) etter kvarandre i starten av ei staving. Ordet "skrive" har til dømes ei staving med tre konsonantlydar i starten (KKKV).
Thai har eit enklare system med (K)KV(V)K. Mange som har thai som førstespråk, synest det er vanskeleg å uttale så mange konsonantar etter kvarandre. "Norsk" kan til dømes bli til "nok".
I tillegg kan vi ta med at thai ofte har korte ord, mens det er mange lange ord i norsk. Det kan vere uvant for dei med thai som førstespråk å bruke så lange ord.
Thai er eit tonespråk
I thai er det veldig viktig korleis stemma går opp eller ned når ein seier eit ord. Thai er eit tonespråk. Viss du ser på illustrasjonen over, ser du at dei fem orda blir skrivne med like bokstavar, og dei har like lydar. Det einaste som skil orda, er om stemma går opp eller ned.
Eit anna døme er desse to orda:
ไกล ("glaaj") betyr "langt". Når du seier dette ordet, skal stemma di gå litt ned mot slutten.
ใกล ("glaaj") betyr "nær". Dette ordet høyrest nesten likt ut som det første, men forskjellen er at stemma di skal gå opp mot slutten.
Sjølv om orda høyrest nesten like ut, betyr tonen forskjellen mellom "langt" og "nær". Dette viser at tonen er viktig i thai for å forstå kva ord betyr.
Thai viser tone skriftleg ved å ha små teikn over bokstavane.
Norsk har litt tonar
Norsk er ikkje eit tonespråk. Likevel er det nokre få ord der berre tonen er forskjellen i uttale. Til dømes for å skilje mellom verb og substantiv:
Fallet (การตก). Når du seier dette substantivet, går du litt opp på slutten (austnorsk).
Falle (ตก). Når du seier verbet, går du litt ned mot slutten (austnorsk).
Syntaks-setningar
Ein likskap mellom norsk og thai er at dei begge er SVO-språk. Det betyr at subjektet står først, så verbalet og etterpå objektet. Eit døme er setninga Adam et pizza: อดมกนพซซา.
V2-språk
Ein forskjell mellom norsk og thai er at norsk skal ha verbet på andreplass når eit anna ledd enn subjektet står først i setninga, slik som i setninga No et Adam pizza: ตอนนอดมกำลงกนพซซา. Dette kallar vi for V2-regelen. Altså: Verbet skal alltid på andreplass i forteljande heilsetningar på norsk. Mange med thai som førstespråk vil seie No Adam et pizza.
Subjekttvang
Norsk har noko som heiter subjekttvang. Det betyr at alle setningar må ha eit subjekt. Eit døme er setninga Eg liker mat. Det går ikkje an å seie "liker mat". Når ei setning ikkje har eit tydeleg subjekt, blir ordet "det" til subjekt: Det regnar.
Thai har ikkje subjekttvang. Mange med thai som førstespråk skriv norske setningar utan subjekt, og det-setningar kan vere spesielt vanskelege.
Morfologi – ordklassar
Ein viktig forskjell mellom norsk og thai er at norsk er meir syntetisk enn thai.
Syntetiske og analytiske språk
Viss du studerer illustrasjonen over, finn du thai heilt til høgre. Det er altså eit veldig analytisk språk. Typisk for analytiske språk er at dei har mange korte ord og lite bøyingar. Til dømes blir verken substantiv eller verb bøygde på thai.
Norsk er meir syntetisk enn thai. Vi kan sjå på substantivet "katt" i denne setninga: Eg har ein katt, og han har to kattar. Har du sett kattane hans? (ฉนมแมวหนงตว เขามแมวสองตว) (คณเคยเหนแมวของเขาไหม). Som du ser, bøyer norsk substantivet "katt" i både tal (katt – kattar) og bestemtheit (kattar – kattane).
I thai står substantivet i same form heile tida. Substantivet แมว betyr "katt" og vil aldri endre form. Thai bruker i staden små ord vi kallar klassifikatorar og kvantifikatorar som viser kva type substantiv det er, og kor mange det er av noko (Husby, s. 263).
Derfor må dei som har thai som førstespråk, øve mykje på å bøye substantiv i tal og bestemtheit og verb i tid.
Dette er viktig å øve på viss du har thai som førstespråk:
vokalane y, u og ø
konsonantane l og r
å kunne seie mange ulike konsonantlydar etter kvarandre (språk: S-P-R-Å-K)
V2-regelen
subjekttvang
å bøye verb i tid
å bøye substantiv i tal og bestemtheit