Leddstillingsspråk og kasusspråk
Før du les
Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:
- Setningsledd
- Eit setningsledd er ein del av ei setning. Det kan vere eit eller fleire ord. Setninga Guten åt eit kokt egg har tre setningsledd: "Guten" (subjekt), "åt" (verbal) og "eit kokt egg" (objekt).
- Subjekt
- Subjektet er ofte setningsleddet som viser kven eller kva som gjer noko: Nina kjøpte skjerfet i går. I denne setninga er "Nina" subjekt.
- Verbal
- Verbalet er setningsleddet som viser handling: Nina kjøpte skjerfet i går. I denne setninga er "kjøpte" verbal.
- Objekt
- Objektet er setningsleddet handlinga er retta mot: Nina kjøpte skjerfet i går. I denne setninga er "skjerfet" direkte objekt.
Til læraren
For å sikre utforskande og praktisk læring av grammatikk anbefaler vi at du startar med oppgåva "Utforsk språka i klassen" før du les denne fagartikkelen
Utforsk saman før de les:
1. Omset desse to setningane til førstespråket dykkar:
Adam elskar Sara
Sara elskar Adam
2. Samanlikn omsetjingane og diskuter:
Kvar plasserer de namna i setningane på førstespråket dykkar? Viss det er ulikskapar mellom språka – kva trur de er årsaka til det?
Forandrar namna form i dei to setningane? I så fall – kva kan vere årsaka til det?
Leddstillingsspråk
Alle som kan litt norsk, veit at når dei skal seie til nokon at Sara et pizza, må dei seie: Sara et pizza. Men kvifor det eigentleg? Kvifor kan dei ikkje seie: Pizza et Sara?
Svaret er at dei fleste språk i verda har reglar for kvar den som handlar (subjektet), og den det blir handla mot (objektet), skal stå i ei setning. Språka som har slike reglar, kallar vi for leddstillingsspråk.
SVO-språk – døme på eit leddstillingsspråk
På norsk er det slik at i forteljande heilsetningar skal subjektet stå før verbalet. Objektet skal stå etter verbalet. Derfor kallar vi norsk for eit SVO-språk, altså ein type leddstillingsspråk: Sara et pizza. "Sara" er subjekt, "et" er verbal, og "pizza" er objekt i setninga.
Det finst mange andre SVO-språk i verda, til dømes engelsk, thai og swahili.
Snakkar du eit SVO-språk?
Omset setninga Sara et pizza til førstespråket ditt. Klarer du å finne ut om førstespråket ditt er eit SVO-språk?
SOV-språk
Ein annan type leddstillingsspråk er SOV-språk. Viss norsk hadde vore eit SOV-språk, måtte vi ha sagt: Sara pizza et.
På tyrkisk heiter det til dømes: Sara pizza yiyor. Tyrkisk er altså eit SOV-språk.
Mange av dei største språka i verda er SOV-språk. I tillegg til tyrkisk er urdu, pashto, somali og tigrinja SOV-språk.
VSO-språk
VSO-språk er ikkje så vanleg som SOV-språk og SVO-språk. Det er altså ikkje mange språk som vil ha denne rekkefølga på orda i ei setning: Et Sara pizza. "Et" er verbal, "Sara" er subjekt, og "pizza" er objekt i setninga.
Men standard arabisk og irsk er døme på VSO-språk.
VOS-, OSV- og OVS-språk
Det finst òg VOS- OSV- og OVS-språk, men dei er ikkje så vanlege.
VOS-språk finst i austronesiske språk, som malagassisk, og i mayiske språk. (Clemens & Polinsky, 2014).
OVS-språk finst i nokre sjeldne isolerte språk i Sør- og Mellom-Amerika, som til dømes hikskaryana. (Øzerk, 1993).
OSV-språk er dei sjeldnaste og blir brukte i nokre veldig få språk, mellom anna i Amazonas. (Dryer M. S., 2013).
SVO-språk, VSO-språk og SOV-språk er leddstillingsspråk. Det betyr at det er faste reglar for kva rekkefølge setningsledda skal ha.
Kasusspråk
Det finst òg språk som ikkje har så faste reglar for leddstilling. Dei har altså friare leddstilling. I staden bruker dei endingar på ord eller eigne ord for å vise kva funksjon leddet har. Dette kallar vi kasusspråk.
Døme på slike språk er russisk, polsk og samisk.
Utdjuping
Det er ikkje sånn at viss eit språk har kasus, så er det ingen reglar for kvar setningsledda skal stå. Stort sett alle språk i verda har reglar for dette.
Men poenget er at språk med mykje kasus, har høve til å plassere ledd friare enn språk utan kasus – for funksjonen til leddet kan du sjå på kasusen det står i.
Legg til dømes merke til korleis namnet Jan får ulike endingar i dei tre polske setningane under:
Jan je lody. Jan et ein is. (Her er "Jan" subjekt.)
Widzę Jana. Eg ser Jan. (Her er "Jan" direkte objekt.)
Daję Janowi lody. Eg gir Jan ein is. (Her er "Jan" indirekte objekt.)
Sidan polsk er eit kasusspråk, viser dei ulike endingane på namnet "Jan" kva rolle Jan har i setninga. Slik er det ikkje på norsk. Der er namnet likt uansett kva funksjon leddet har.
Utforsk språka dykkar
Sit i grupper og diskuter førstespråka dykkar. Finn ut om de snakkar eit SVO-språk, eit SOV-språk eller eit VSO-språk.
Finn òg ut om førstespråka dykkar har kasus.
Avslutt med å lage ei oversikt på tavla. Bruk døme frå kvart språk som blir snakka i klasserommet.
Kjelder
Clemens L. E. & Polinsky M. (2014). Verb-Initial Word Orders (Primarily in Austronesian and Mayan Languages). https://scholar.harvard.edu/files/mpolinsky/files/v1_syncom.pdf
Dryer M.S.. 2013. Order of Subject, Object and Verb. WALS Online. https://doi.org/10.5281/zenodo.7385533 (http://wals.info/chapter/81). Accessed on 2023-08-31.
Lie, S. (1993): Kontrastiv grammatikk – med norsk i sentrum. Novus forlag. https://www.nb.no/items/e8199f7c8475ce3bcc60364ab010b6e6?page=65&searchText=ordstilling
Øzerk, K. (1993). Andrespråksinnlæring. Universitetet i Oslo, Pedagogisk forskningsinstitutt.