Hopp til innhald
Fagartikkel

Kurmandsji og norsk

Kurmandsji blir snakka av kurdarar. Til liks med norsk er det eit indoeuropeisk språk, og det er vanleg å skrive kurmandsji med det latinske alfabetet. Kva er dei viktigaste kjenneteikna ved kurmandsji? Kva for nokon sider ved norsk kan vere vanskelege for dei med kurmandsji som førstespråk?

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Subjekt
Subjektet er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga Azad drikk vatn (Azad avê vedixwe) er "Azad" subjekt.
Verbal
Verbalet er det som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga Azad drikk vatn er "drikk" verbalet.
Objekt
Objektet i ei setning er den handlinga er retta mot. I setninga Azad drikk vatn er "vatn" objektet.
Forteljande hovudsetningar
Forteljande hovudsetningar er dei vanlegaste setningane som ikkje er spørsmål eller leddsetningar. Vi bruker desse for å fortelje noko: Silva et og Eg må sove.
Fonologi
Fonologi er læra om lydane i eit språk.
Syntaks
Syntaks er reglar for kva rekkefølge orda i ei setning skal komme i.
Konsonant
Konsonanter er språklydar som blir laga ved at tunge, tenner eller leppe stoppar luftstraumen. Døme på konsonantar er m, g og p.
Vokal
Vokalar er språklydar der luftstraumen går fritt gjennom munnen. Han blir ikkje stoppa av lepper, tunge eller tenner. Døme på vokalar er a, e og i.

Om kurmandsji

Kurmandsji er eit av fleire språk kurdarane snakkar. I tillegg snakkar kurdarane språka sorani, palewani, zazaki og gorani (Eriksen, 2019. s. 106).

Språk eller dialekt?

Ikkje alle er einige om i kva grad dei kurdiske språka er ulike språk eller dialektar, men kurmandsji og sorani, dei to største språka, har ganske ulik grammatikk. Dessutan blir sorani skrive med det arabiske alfabetet og kurmandsji med det latinske. Zazaki og gorani er svært forskjellige frå kurmandsji.

Kurmandsji har vore eit språk i lang tid. I Tyrkia har situasjonen blitt betre dei siste åra, men i Syria er det framleis veldig dårleg. Derfor er mange som har kurmandsji som førstespråk meir vane med å lese og skrive på tyrkisk og arabisk enn på kurmandsji.

Kurmandsji og norsk

Viss vi samanliknar språka kurmandsji og norsk – kva er dei viktigaste likskapane og forskjellane?

Skriftsystem

Kurdiske språk blir skrivne med ulike alfabet, både det , det og det . Mange av innvandrarane som bur i Noreg, kjem frå Tyrkia og Syria, og dei vil vere vane med det latinske alfabetet. Kurmandsji blir oftast skrive med latinsk alfabet og har 8 vokalar og 23 konsonantar.

Fonologi – lydar

Vokalar

Kurmandsji har åtte vokalar, og dei fleste av dei liknar på norske vokalar. Men lydane ø, y og u, som vi lagar med runde lepper på norsk, finst ikkje i kurmandsji. Derfor kan desse lydane vere vanskelege for dei som har kurmandsji som førstespråk.

Kurmandsji har både korte og lange vokalar, akkurat som norsk. Men i kurmandsji blir ikkje desse forskjellane brukte til å lage ulike ord. På norsk betyr til dømes "fin" og "finn" to ulike ting, fordi det første ordet har lang vokal og det andre har kort vokal.

Dette kan gjere det vanskeleg for dei med kurmandsji som førstespråk å høyre forskjellen på korte og lange vokalar, og det kan òg føre til problem med å skrive rett. Det kan vere nødvendig å øve på forskjellen mellom enkel og dobbel konsonant.

Stavingsstruktur

Norsk kan ha mange konsonantar etter kvarandre. I ordet "skrive" er det til dømes tre konsonantar først i ordet: S-K-R. I kurmandsji går det berre an å ha to konsonantar først i ordet (Husby, 2024, s. 73). Derfor vil mange med dette språket som førstespråk, bruke vokalar for å gjere orda enklare å seie: Sikrive.

Desse "hjelpevokalane" kan òg vise seg i skriftleg.

Syntaks – setningar

Kurmandsji er eit SOV-språk. Det betyr at subjektet skal stå først, så objektet, mens verbet skal stå til slutt: Eg frukost et (Ez taştê dixwim). Norsk er eit SVO-språk: Eg et frukost (Husby, s. 73, 2024). Det er ikkje uvanleg at dei med kurmandsji som førstespråk, skriv verbalet først i setningar og ikkje har med subjekt i det heile.

Når vi samanliknar setningar, ser vi alltid på .

V2-regelen

Både kurmandsji og norsk kan ha andre setningsledd enn subjektet først i setninga. Men verbet skal ikkje stå på same plassen i norsk og kurmandsji.

På norsk kan du seie I dag åt eg frukost. I denne setninga er "i dag" adverbial og "åt" verbal. Her kan du legge merke til noko som er spesielt med norsk: Verbalet (åt) står på andreplass i setninga, mens subjektet (eg) står på tredjeplass. Dette kallar vi V2-regelen, og han er uvanleg i andre språk i verda.

Kurmandsji har ingen V2-regel. Når eit anna setningsledd enn subjektet står først, vil subjektet stå på andreplass. Det er derfor vanleg å høyre setningar som I dag eg åt frukost av ein med kurmandsji som førstespråk.

Nekting på norsk

På norsk blir ordet "ikkje" brukt for å uttrykke nekting: Eg er ikkje sur. Dette ordet gjer at setninga betyr det motsette av Eg er sur. Det er strenge reglar for kvar dette ordet skal stå i setningar.

I heilsetningar med subjektet først, skal "ikkje" stå etter . Verbalet i setninga under er "studerer":

  • Eg studerer ikkje. (Ez naxwînim.)

I heilsetningar med eit anna ledd enn verbalet først skal det stå etter . Subjektet i setninga under er "eg".

  • No studerer eg ikkje. (Niha ez naxwînim.)

I skal "ikkje" stå etter subjektet (eg):

  • Fordi eg ikkje studerer, bur eg heime. (Ji ber ku ez naxwînim, ez li malê dijîm.)

Nekting på kurmandsji

Kurmandsji har ein heilt annan måte å lage nekting på. I staden for å vise nekting med eit eige ord, blir -na brukt på verbet.

Til dømes skriv du "Eg studerer" slik:

  • Ez dixwînim.

"Eg studerer ikkje" på kurmandsji er:

  • Ez naxwînim.

Nekting blir altså laga ved å erstatte prefikset i verbet med - na.

For dei som har kurmandsji som førstespråk, kan det ta lang tid å lære inn alle reglane for kor "ikkje" skal stå på norsk.

Meir om "ikkje" og andre setningsadverbial

Les meir om "ikkje" og andre setningsadverbial i artikkelen "Kva er eit setningsadverbial?"

Ordklassar

Verb

Bøying av verb

På norsk blir ikkje verb bøygde etter person og tal. Det heiter: Eg les, du les, dei les. På kurmandsji forandrar verbet seg etter kven som er i setninga: Ez dixwînim (Eg les), Tu dixwînî (Du les), Ew dixwîne (Han les). I kurmandsji blir verb altså bøygde både i person og tal (Kurdish for beginners, s. 8).

Substantiv

Som norsk, har kurmandsji kjønn på substantiva, men kurmandsji har berre to kjønn, mens norsk har tre.

Kva forskjell ser du når du les den same setninga på norsk og kurmandsji under? Legg merke til substantivet "hest/hespek".

  • Norsk: Ein hest et gras.

  • Kurmandsji: Hespek giya dixwê.

På norsk står substantiv som oftast saman med eit . I setninga Ein hest et gras er "ein" determinativ. På norsk går det ikkje an å seie Eg har hest. Kurmandsji har ikkje determinativ som eigne ord. I staden viser endinga -ek at det er snakk om berre ein hest.

Mange med kurmandsji som førstespråk gløymer å ta med determinativet saman med substantivet.

Oppsummering

Dette er det viktig å øve på om du har kurmandsji som førstespråk:

  • norske vokalar, spesielt ø, y og u

  • ord med mange konsonantar etter kvarandre: skule, skrape, sprute

  • V2-regelen

  • plassering av ikkje

  • det-setningar

  • determinativ

Kjelder

Eriksen, P.K. (2019). Nye språk i Norge – en språkodyssé. Pax forlag AS.

Husby, O. (2024). Innvandreres morsmål II – en ressursbok for lærere. Fagbokforlaget.

Kaveh, C., Wiborg, S., Askheim, S. & Lindstrøm A. T. Kurdere. I Store norske leksikon. Hentet 21. august 2024 fra https://snl.no/kurdere

Academia. ( u.å.). Kurmandsjo Kurdish For the Beginners. Henta 23. september 2023 frå https://www.academia.edu/27750105/Kurmanji_Kurdish_For_The_Beginners_PDF

Relatert innhald

Fagstoff
Forstå V2-regelen

Å forstå V2-regelen er viktig for å lære seg norsk. I denne artikkelen får du ei innføring i regelen og skal sammanlikne norsk med førstespråket ditt.