Korleis rettleie andrespråkseleven?
Ein viktig stad å begynne når du skal rettleie minoritetsspråklege elevar, er å kartlegge kva slags språkkunnskapar dei har. Kva språk kan dei, og på kva nivå? Kan dei både lese og skrive språka? Kva slags skulegang har elevane frå før? Kva slag skulekultur kjem dei frå? Alt dette er kunnskap som er viktig for undervisninga di. Du kan lese meir om kartlegging og finne nyttige lenker på NAFO (Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring).
Ein viktig del av rettleiingsoppgåva er å hjelpe elevane til å utvikle språkferdigheitene sine i norsk. Det kan verke overveldande å skulle rettleie på tekstar som har mange språkfeil i seg. Kor mykje skal du kommentere, og korleis skal du gjere det slik at eleven skjønner kva dei har gjort feil? Eit viktig verktøy er analysar av innlærartekstar (mellomspråksanalyse).
Kva får eleven til?
Mellomspråket viser at eleven er på veg til å lære seg eit nytt språk. Eleven vil teste ut og bruke reglar frå både førstespråket sitt og frå innlærarspråket norsk. I ein elevtekstanalyse skal du leite etter og identifisere kompetansen til eleven. Kva får eleven til? Får hen det til heile tida, eller er det noko som viser at hen på veg til å forstå ein regel?
Leit etter systematikk i feila
Du må sjølvsagt òg identifisere feila eleven gjer. Kva er det eleven ikkje får til? Kva for nokre feil er det som hindrar god kommunikasjon? Du kan markere type feil i elevteksten, til dømes med fargekodar, for å sjå om det er ein type feil som går igjen.
Å leite etter systematikk er i det heile ein god idé. Kanskje klarer eleven å bruke rett kjønn på somme substantiv, men ikkje på alle. Det kan òg vere at du oppdagar at eleven overgeneraliserer ein regel hen har lært seg. Til dømes kan det vere å bøye alle verb etter mønsteret til svake verb. All slik kunnskap gjer det enklare å gi målretta hjelp.
Elevane dine vil ha veldig ulike føresetnader for å ta imot rettleiing på språk. Det handlar mellom anna om kva slags kompetanse dei har på førstespråket sitt og andre språk dei bruker. Kan dei både lese og skrive alle språka? Kan dei noko grammatikk frå før, slik at det er lettare å bruke fagomgrep? Hovudregelen er uansett at du må halde det enkelt og konkret.
Du må òg stadig sjekke at eleven har forstått forklaringane dine. Ei munnleg tilbakemelding bør derfor følge, og kanskje oftare erstatte den skriftlege. I ein samtale om teksten vil du lettare avdekke om du har treft rett nivå på forklaringane og mengda av dei.
Støtte i førstespråket
Når du har funne systematikken i tekstane til eleven, er det sjanse for at du finn forklaringa på fleire av feila ved å samanlikne med førstespråket. Det er vanleg å overføre reglar derifrå på det nye språket som skal lærast.
Viss eleven har problem med å markere bestemt og ubestemt form av substantivet, er det sannsynlegvis fordi dette skiljet anten ikkje blir markert i skriftspråket til førstespråket, eller at det blir markert på ein annan måte enn i norsk. Når du har denne informasjonen, er det lettare å forklare eleven kva som er forskjellen.
Du kan sjølvsagt ikkje ha inngåande kunnskap om alle språka i verda, men du vil oppdage at det er nokre trekk som går igjen. Vi ser til dømes gjerne eit skilje mellom syntetiske og analytiske språk og kan rettleie ut frå det.
Gi konkret og akkurat passe tilbakemelding
Sjølv om du i analysen av innlærarteksten har funne mange feil, er det viktig at du ikkje markerer og gir tilbakemelding til eleven på alle. Jo fleire feil, jo mindre vil eleven takle å jobbe med om gongen.
HUGS! Tilbakemelding = framovermelding
Eleven må alltid få vite korleis hen kan unngå feila og komme vidare i læringa.
I ei tilbakemelding må du velje ut det som er viktigast. Kva skal til for at teksten kommuniserer litt betre? Viss det er å setje punktum, rettleier du eleven på reglane i norsk samanlikna med førstespråket til eleven. Det kan du mellom anna gjere ved å vise med døme i teksten til eleven, og ved å gi dei oppgåver der dei øver på å setje punktum. Du finn slike øvingsoppgåver i emnet "Språket som system og mogelegheit" i faget Kort butid på NDLA.
Denne måten å jobbe på krev at du har god dialog med elevane om vurdering. Nokre elevar vil kanskje ikkje forstå kvifor dei ikkje får betre karakter når du berre har markert somme feil. Det kan ligge ei forventning om at alle feil skal markerast. Nokre elevar kan ha nytte av å halde skrivearbeidet karakterfritt undervegs. Her må du igjen tilpasse til kva som fungerer godt for kvar enkelt elev.
Les meir i desse fagartiklane:
Kva startar vi med tilbakemelding på?
Vi har sett opp forslag til ei rekkefølge, men det er viktig å tilpasse tilbakemelding til kvar enkelt elev. Det viktigaste er å ta fatt i feila som hindrar kommunikasjon.
Det bør ikkje bli for mange kommentarar i kvar tekst. Kanskje skal du berre ta for deg punkt 1 og markere feila i eit avsnitt:
Teiknsetjing: Stor bokstav etter punktum. Komma.
Bøying av substantiv og verb
Høgfrekvente ord
Døme på tilbakemelding
Du bruker mange ulike og ganske vanskelege ord. Eg er imponert av at du bruker substantiv som "opphaldsløyve" og frasar som "på grunn av og "vi bestemde at". No er du på god veg til å utvikle språket ditt sånn at du kan skrive eit skulespråk.
Du kan jobbe meir med å stave ord. I teksten din er det ganske mange ord som du har skrive feil. Det gjer at det nokre stader er vanskeleg å forstå kva du meiner. Her ser du nokre ord som det er viktig at du lærer å skrive rett. Då blir teksten din mykje lettare å forstå for andre:
minskar — menneske
grunngi — på grunn av
så ført — så fort
vi stamma at — vi bestemde at
tanka på — tenkte på
hus — hos
Eksempeltekstar og modellering
Det kan vere til god hjelp for eleven å sjå elevsvar som viser kva nivå som er forventa for dei ulike karakterane. Modelltekstar, skriverammer og startsetningar kan vere til god nytte for elevar med kort butid.
Det kan òg vere nyttig å vise til eksempeloppgåver frå eksamen med karaktervurdering. Det ligg eigne eksamensoppgåver for elevar med kort butid vg2 YF og vg3 under "Eksamen og prøver" på udir. Du finn òg eigne vurderingsskjema, eksamensrettleiingar og eksempeloppgåver for same elevgruppe. Passord er tilgjengeleg via skulen.
Kor mykje skal du forvente av elevar med kort butid i Noreg? Læreplanane seier noko om kva elevane skal kunne etter det første året med norsk på vidaregåande skule. Når vi samanliknar to av kompetansemåla som beskriv språkkompetanse, kan vi spesielt legge merke til formuleringa "kjenne til og bruke sentrale regler" i planen for kort butid-elevar. For elevar som følger ordinær læreplan, er kravet at dei skal "mestre tegnsetting og rettskriving".
NOR 09-04 (SF vg1/YF vg2) Ordinær plan | NOR 01-06 (SF vg1/YF vg2) Kort butid-plan |
---|---|
skrive tekster med god struktur og tekstbinding og mestre tegnsetting og rettskriving på hovedmål og sidemål | kjenne til og bruke sentrale regler for rettskriving, formverk, setningsbygning og tekstbinding og variere ordvalg og setningsbygning i egen skriving |
Det betyr altså at vi ikkje kan krevje at elevane som har kort butid i Noreg, skal meistre norsk språk på linje med elevar som har norsk som førstespråk. Vi kan likevel forvente at andrespråksinnlærarar kjenner til og bruker nokre sentrale reglar i norsk språk.
Det viktigaste er uansett å hjelpe elevane med kort butid til å utvikle norskferdigheitene sine, slik at dei kan kommunisere betre både munnleg og skriftleg. Då får dei best mogleg utbytte i alle fag, i praksis og i arbeidslivet.
Fleire universitet og høgskular tilbyr vidareutdanningskurs i andrespråkpedagogikk for lærarar. Viss du ikkje allereie har teke dette, vil slike kurs gir deg meir kunnskap og større tryggleik i møte med elevar som har norsk som andrespråk.
Relatert innhald
Lær om korleis mellomspråk er ein viktig fase i språkinnlæringa.