Hopp til innhald
Fagartikkel

Kunstig intelligens og språklæring

Elevane har for lengst teke i bruk KI og ulike praterobotar på eiga hand, også elevane med kort butid i Noreg. Plutseleg leverer dei tekstar som er langt betre enn dei nokon gong har fått til før. Men lærer dei noko av det? Vi skal sjå på nokre utfordringar og mogelegheiter.

Innføring i kunstig intelligens og praterobotar

Før du begynner å lese om KI i språklæring, kan det vere lurt å lese gjennom fagartikkelen "Praterobottips til læraren", som forklarer sentrale omgrep og gir nokre generelle råd om kva du bør tenke på når du skal bruke praterobotar i klasserommet.

Praterobotar og minoritetsspråklege

Praterobotane er kraftige verktøy som kan hjelpe oss med mykje, men det krev òg mange ulike kompetansar for å bruke dei på ein god måte. Du skal kunne stille presise spørsmål, lage gode leietekstar (promptar) og kunne lese og vurdere svara roboten gir deg. Tekstane du får frå robotane, kan nemleg vere lange, bruke vanskelege ord og ha med informasjon som ikkje er korrekt. Du må kunne lese tekstar kritisk for å oppdage feila.

Språkbarrierar, manglande lesekompetanse og lite trening i å lese tekstar kritisk gjer at det kan vere ekstra vanskeleg for elevar med kort butid å bruke praterobotane på ein formålstenleg måte i eit systematisk læringsarbeid. Når robotane på ein overbevisande måte, vil det vere endå vanskelegare for elevene med kort botid å oppdage det enn for elevar med norsk som førstespråk.

Språkinnlæring

Å lære språk er hardt arbeid. Elevar med kort butid skal lære mange former for norsk: daglegspråk, skulespråk, dialektar og fagspråk. I tillegg skal dei lære seg innhald i fag gjennom eit språk dei nødvendigvis ikkje meistrar så godt. Dei skal òg levere svar der dei viser kva dei har lært mens dei framleis er i ein mellomspråkfase. Dette er krevjande for dei fleste.

Vi veit at mange elevar med kort butid bruker praterobotar og KI mellom anna på skriftlege innleveringar. Det kan verke som ei lettvint løysing for å få produsert mykje tekst tilsynelatande utan skrivefeil. Men kva skjer med språkinnlæringa viss dei alltid vel denne løysinga? Og kva kan vi som lærarar gjere for å hjelpe elevane våre med kort butid til å bruke KI på ein konstruktiv måte?

Styrt bruk

Det er ikkje tvil om at ein praterobot kan brukast i læringsarbeid, men det er då viktig at han blir brukt rett, og at du som lærar styrer og rettleier elevane i arbeidet. Jobb gjerne med leietekstar og ulike bruksområde i fellesskap. Då kan du modellere den gode og kritiske bruken.

Det vil vere viktig å vise døme på korleis roboten hallusinerer og diktar opp svar som kan sjå truverdige ut. Snakk om kva konsekvensar det kan få om du stoler fullt og heilt på roboten, og diskuter i felleskap kva vi kan gjere for å oppdage feila.

Etter kvart kan du gi elevane ferdige leietekstar og veldig spesifikke oppdrag dei skal løyse ved hjelp av roboten. Då vil dei antakeleg òg lære av modelleringa og finne eigne måtar å bruke roboten formålstenleg på.

Tips til bruk i språklæring

  1. Finn skrivefeil: Praterobotane kan hjelpe deg med å oppdage skrivefeil og grammatiske feil og gi tips om korleis du kan unngå dei.

  2. Finn rett ord: Leitar du etter rett ord? Forklar prateroboten kva ordet betyr, eller gi han setninga der ordet manglar, så gir han deg forslag.

  3. Utvid ordforrådet: Du kan be roboten om å foreslå synonym til ord og be han forklare forskjell i betydning og/eller kommentere stilnivå.

  4. Få hjelp til feil du ofte gjer: Be robotane om å sjekke og komme med tips om korleis du kan unngå feil du ofte gjer, til dømes det å plassere verbet feil.

Relatert innhald