Hopp til innhald
Fagartikkel

Karakterpress hos andrespråkseleven

Du kan oppleve kulturelle forskjellar når du skal vurdere elevar med kort butid i Noreg. Kva bør du vere merksam på når du skal skape vurdering for læring i denne elevgruppa?

Forhandling om karakterar

Ein del elevar med kort butid har avgrensa erfaring med det norske karaktersystemet. Det kan vere ei av årsakene til at mange lærarar opplever meir diskusjon rundt karakterar med elevar som har kort butid i Noreg.

Press heimanfrå

I tillegg er det fleire av elevane som har stort press på seg frå familiemedlemmer for å komme raskt vidare med høge karakterar, ta høgare utdanning og få ein god jobb. Det kan dermed oppstå stort sprik mellom det faktiske faglege nivået og forventninga til eleven om høge karakterar. Her kan det hjelpe å vise til kva som er gjennomsnittskarakteren i Noreg.

Tenk over

Korleis kan du hjelpe elevar som opplever slikt press heimanfrå?

Ofte kan det vere interessant å stille nokre spørsmål for å avdekke eleven sine eigne forventningar og forventningspress frå familie. Det kan òg vere ein god idé å ta opp dette med nivå og vurdering på foreldremøte. Ver då merksam på dei kulturelle forskjellane og sørg for at viktig informasjon er tilgjengeleg på fleire innvandrarspråk.

Utdanningsforventningar blant innvandrarar

Er det slik at innvandrarforeldre legg meir press på barna sine enn norske foreldre? I doktoravhandlinga si undersøker Mariann Stærkebye Leirvik utdanningsåtferd blant innvandrarar.

Avhandlinga beskriv mellom anna eit utdanningsdriv blant innvandrarar som skil seg frå dei som ikkje har innvandrarbakgrunn. Foreldra uttrykker ei tydeleg forventning til at barna skal få gode karakterar og ta ei prestisjefylt utdanning heilt frå dei er små. Dei tydeleg uttalte forventningane påverkar utdanningsvalet til barna i stor grad. Også barn av norske foreldre møter forventningar, men dei er meir innforståtte og blir ikkje vektlagde i like stor grad. Desse barna møter ein annan type argumentasjon frå foreldra og står langt friare i vala sine. I tillegg er dei ikkje gjenstand for like sterk sosial kontroll.

Ein annan forskjell er at innvandrarar sine forventningar til utdanninga til barna ikkje kan forklarast med den sosiale klassen dei sjølv tilhøyrer. Forventningane er like høge uavhengig av utdanningsnivåa til foreldra. Faktorar som speler inn, er ønsket om sosial mobilitet, posisjon, prestisje og konkurranse mellom familiar (Leirvik, 2013).

Dialog om fagleg nivå

Fleire elevar med kort butid blir overraska når dei skjønner at gjennomsnittskarakteren er tre på eksamen i norsk, og at det er ganske vanleg å få karakteren tre til standpunkt, òg for elevar som har budd i Noreg heile livet.

For å få til ei realitetsorientering der eleven i større grad skjønner det faktiske faglege nivået sitt, krevst det god dialog mellom elev og lærar. Vis gjerne døme på korleis ein tekst med toppkarakter ser ut, og snakk om kva som skal til for å nå det nivået. Jo meir konkret, jo betre.

Tenk over

Kvifor er tett dialog mellom elev og lærar ekstra viktig når du har elevar med kort butid?

Eigenvurdering

I læreplanen blir det lagt opp til eigenvurdering, og dette er svært nyttig arbeid med elevar med kort butid. Som lærar får du god innsikt i kva eleven tenker om eige arbeid gjennom eigenvurdering. Då er det òg enklare å komme i dialog med eleven, og forhåpentleg får eleven ei større eigeninnsikt og forståing for både vurdering og karaktersetjing.

Forholdet til autoritetar

Ein del elevar med kort butid er ikkje vane med den tette kontakten mellom lærar og elev som mange norske elevar har hatt heilt frå barneskulen. Det er ein del minoritetsspråklege elevar som prøver å skjule det faglege nivået sitt, fordi dei er vane med andre typar lærarar frå heimlandet.

Tenk over

Korleis kan du legge til rette for at elevane skal tore å seie frå at dei ikkje har forstått?

Lærarar i norsk skule ønsker at elevane skal vere delaktige i undervisninga, stille spørsmål og spørje om hjelp. Slik er det ikkje i alle land. Mange minoritetsspråklege elevar svarer derfor automatisk "ja" viss læraren stiller spørsmålet: "Har du skjønt dette?". Her kan det vere lurt at du som lærar heller ber eleven forklare korleis hen har tenkt å løyse ei oppgåve. Eller du kan spørje eleven om hen kan forklare fagordet for deg, i staden for å spørje om hen har forstått fagordet. Unngå i det heile teke ja/nei-spørsmål.

Kjelde

Leirvik, M.S. (2013). Mer enn klasse: Betydningen av "etnisk kapital" og "subkulturell kapital" for utdanningsatferd blant etterkommere av innvandrere. [Doktorgradsavhandling, Universitetet i Oslo]thttps://phs.brage.unit.no/phsmlui/bitstream/handle/11250/194540/mer%20enn%20klasse.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Relatert innhald