Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Klima og solidaritet

Innan 2030 skal vi nå FNs 17 berekraftsmål, og innan 2050 skal vi ikkje sleppe ut meir klimagassar enn vi klarer å fange opp. Men kven skal sørge for at vi klarer det? Og kven bør ta hovudansvaret?

Vi som lever i vestlege og godt utvikla land, har størst klimagassutslepp og størst økologisk fotavtrykk. Samtidig er det slik at vi i mange tilfelle òg er dei som slepp billigast unna konsekvensane av klimaendringane og har størst evne til å omstille oss. Dette heng saman med at den sosiale sårbarheten er lågast i godt utvikla vestlege land. Vi har med andre ord gode mogelegheiter for å tilpasse oss klimaendringane og takle dei konsekvensane som eventuelt rammar oss.

Relatert innhald

Økologisk fotavtrykk er eit uttrykk for kor mykje vi belastar jorda sine økosystem for å oppretthalde levestandarden vår.

Oppgåve

Set dykk i grupper med 3–6 elevar i kvar gruppe. Sjå på figuren under og svar på oppgåvene.

Figuren viser utviklinga av fordelinga av verdas totale CO2-utslepp sidan 1750. India har til dømes ganske store årlege utslepp i dag, men hadde i 2021 berre sloppe ut 3,37 % av det totale utsleppet i verda sidan 1750.

  1. Diskuter figuren og sørg for at alle på gruppa forstår kva figuren viser, og kva det vil seie at figuren viser kumulative utslepp.

  2. Figuren tek ikkje omsyn til talet på innbyggarar. Diskuter om det kan vere problematisk. Kva er fordelar og ulemper med å fordele på talet på innbyggarar?

  3. I figuren over inngår Noregs del av utsleppet i "Europa utanfor EU". Korleis trur du Noregs del hadde sett ut viss han hadde blitt vist for seg sjølv? Kva om figuren hadde vist utslepp i forhold til talet på innbyggarar?

  4. Land som India og Brasil har ganske store utslepp i dag. Dei har likevel ganske små utslepp totalt i historia. Burde land som India og Brasil få ha større utslepp framover for å utvikle økonomien sin? Og burde vestlege land, som har store utslepp historisk sett, kutte raskare enn andre land?

Ekstra-oppgåve: Topp ti-utsleppsland

I diagrammet under kan de trykke på play-knappen og sjå korleis lista over dei ti landa med mest CO2-utslepp har utvikla seg frå 1750 til 2021. Tala her er òg kumulative, og dei tek ikkje omsyn til talet på innbyggarar.

  • Er det noko som overraskar dykk?

  • Gir det dykk nokon tankar om kva land som bør ta mest ansvar for å kutte i utsleppa?

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2022

Læringsressursar

Berekraftig utvikling for alle