Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Berekraftig utvikling for alle

Berekraftig utvikling for alle?

CC BY-SA 4.0

Berekraftig utvikling har ein sosial dimensjon som handlar om å sikre alle menneske moglegheita til å leve eit anstendig liv. Men kven kan og bør ta hovudansvaret når verda skal bli meir berekraftig, og vi skal få ned klimagassutsleppa?

I denne læringsstien skal du lære meir om den sosiale dimensjonen, forskjellar i verda og sosial sårbarheit. I tillegg skal du få reflektere over om land som er godt utvikla, har eit større ansvar for å bidra til ei berekraftig utvikling enn andre land.

Læringsmål

Etter å ha gjennomført læringsstien, skal du

  • kunne forklare kva den sosiale dimensjonen ved berekraftig utvikling handlar om
  • forklare omgrepet sosial sårbarheit
  • vurdere kva vi kan gjere for å betre den sosiale sårbarheita lokalt, regionalt og globalt
  • reflektere over kven som kan og bør gjere kva når verda skal bli meir berekraftig