Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Påstandar om klima og solidaritet

No skal de ta stilling til ulike påstandar om klima og solidaritet.
Ei gruppe med farga silhuettar av personar som snakkar saman. Illustrasjon.

Instruksjonar

  • Heile klassen stiller seg midt i klasserommet. Den eine sida av klasserommet representerer "heilt einig". Den andre sida representerer "heilt ueinig". Resten av klasserommet er ein gradvis skala mellom desse ytterpunkta.

  • Læraren les opp ein og ein av påstandane i boksen nedanfor.

  • Når læraren har lese opp ein påstand, må kvar elev velje kvar dei vil stille seg på skalaen.

    • Når alle elevane har valt kvar dei vil stå, kan de gjerne reflektere litt over påstanden og korleis klassen valde å stille seg. Gjennom refleksjonen bør de prøve å få fram nokre av nyansane ved påstanden og kvar de har plassert dykk.

Påstandar
  • Nordmenn har eit usolidarisk forbruk.

  • Godt utvikla vestlege land bør redusere sine klimagassutslepp og sitt økologiske fotavtrykk først.

  • Folk i Rwanda kan ikkje få same levestandard som oss her i Noreg.

  • Teknologisk utvikling vil gjere det mogleg for alle å leve gode liv med eit høgt forbruk.

  • Høgt forbruk er viktig for å leve eit godt liv.

  • Sidan India har hatt lite klimagassutslepp tidlegare, bør dei kunne ha litt meir no framover.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2022