Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sosial sårbarheit rundt om i verda

I denne oppgåva skal du få besøke ein familie og vurdere kor sårbar denne familien er i møte med klimaendringar og naturkatastrofar.
Bilete av ein familie på fire, ei mor og tre barn, framfor huset sitt i Rwanda. Foto.

Dersom det kjem ein tørkeperiode, ein flaum eller ein orkan, vil den sosiale sårbarheita vår avgjere kor hardt ramma vi blir. No skal de få besøke ulike familiar rundt omkring i verda og vurdere kor godt rusta dei er.

I denne oppgåva skal de bruke puslespelmetoden, eller jigsaw-metoden, som blei utvikla av den amerikanske psykologen Elliot Aronson i 1971. Du kan lese meir om metoden på nettstaden The Jigsaw Classroom. Heile opplegget tek cirka 90 minutt å gjennomføre.

Førebuingar

  • Del dykk inn i basisgrupper på fire til seks elevar.

  • Fordel desse seks landa på medlemmene i gruppa – eit land per person: Sverige, USA, Haiti, Kina, Rwanda og Brasil. Gruppemedlemmene skal no vurdere den sosiale sårbarheita for kvar sin familie i kvart sitt land.

Individuelt arbeid

Du skal no jobbe individuelt i 20 minutt og prøve å kartlegge den sosiale sårbarheita til ein konkret familie.

Klikk deg først inn på landet du har fått tildelt, i kartet nedanfor, og vel deg ein familie. Sjå på bileta frå heimen til familien din for å få eit inntrykk av levekåra til familien.

For å kunne vurdere den sosiale sårbarheita til familien må du vite kva sosial sårbarheit er. Det finn du ut i artikkelen om sosial sårbarheit og ekstremvêr.

I tillegg kan du finne meir informasjon om landet på nettstadene til Store norske leksikon og FN-sambandet, og du kan bruke Gapminder Tools for å sjå ulik statistikk om landet – sjå lenkene nedanfor. I Gapminder Tools kan du sjølv endre kva land som skal visast, og kva som skal visast på x- og y-aksen. Du kan også sjå utviklinga over tid ved å trykke på avspelingsknappen.

Du finn ikkje eit fasitsvar på denne oppgåva. Prøv likevel å vurder dei sosiale sårbarheitene til familien din ved hjelp av bileta frå familien og informasjonen du finn på nettstadene ovanfor.

Ekspertgrupper

Set dykk saman i ekspertgrupper og jobb saman i ti minutt. Dei som har fordjupa seg i same land, skal no sitje saman. Del det de har funne ut. Har de sett på dei same familiane eller på ulike familiar? Kva har dette å seie for resultatet? Førebu dykk på korleis de etterpå kan presentere landet og sårbarheita til familien for basisgruppa.

Deling og diskusjon

Set dykk tilbake i basisgruppene og presenter det de har funne ut, for kvarandre. Kor sosialt sårbare er dei ulike familiane? Kvar ekspert får tre–fire minutt til å presentere.

Diskuter i gruppa til slutt. Bruk tre–fem minutt per spørsmål:

  1. Kva familie er mest sårbar, og kvifor?

  2. Kva familie er minst sårbar, og kvifor?

  3. Kva for nokre av faktorane som påverkar sårbarheita, trur de er mest avgjerande? Er den same faktoren like avgjerande for alle familiane, eller varierer dette frå land til land?

Oppsummer i klassen dersom de får tid.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2022

Læringsressursar

Berekraftig utvikling for alle