Sosial sårbarheit og ekstremvêr
Sårbarheit er eit omgrep som kan ha ulikt innhald. I møte med naturhendingar, ekstremvêr og klimaendringar er det nyttig å snakke om sosial sårbarheit. Sosial sårbarheit kan definerast slik:
"Egenskaper ved en befolkning som påvirker den kapasiteten samfunnet har til å forberede seg til, respondere på og reetablere seg etter naturkatastrofer" (Lein, 2013, s. 22).
Sosial sårbarheit handlar altså om kor godt rusta samfunnet er i møte med til dømes ekstreme vêrhendingar.
Kva er ein naturkatastrofe?
Det er lett å tenkje at naturkatastrofar først og fremst handlar om kor sterk vinden er, kor stor flaumen er, eller kor kraftig jordskjelvet er. Men når vi snakkar om naturkatastrofar, handlar det kanskje først og fremst om kor hardt samfunnet blir ramma.
Eit jordskjelv eller ein orkan som rammar område utan menneske, blir sjeldan omtalt, og i alle fall ikkje som ein naturkatastrofe. Men dersom ei tilsvarande naturhending rammar eit samfunn og øydelegg menneskelege verdiar eller tek menneskeliv, kallar vi det ein naturkatastrofe. Sosial sårbarheit er derfor avgjerande for kor kraftig ein naturkatastrofe blir.
I eit område med låg sosial sårbarheit er det mindre sjanse for at ei farleg naturhending blir ein naturkatastrofe, enn i eit område med høg sosial sårbarheit.
Det kan vere store forskjellar i sosial sårbarheit, både i eit land og mellom ulike land. Det kan til og med vere ganske store forskjellar på sosial sårbarheit internt i ein by.
Faktorar som påverkar sårbarheita
Fleire faktorar avgjer graden av sosial sårbarheit. Dette er nokre viktige faktorar:
Økonomi: Dersom staten, kommunen og privatpersonane har god økonomi, har dei større moglegheit til å førebygge før, og dekke skadekostnadene etter, ei naturhending.
Utdanningsnivå: Høgt utdanna menneske har gjerne tryggare jobbar og er lite utsette for farar i jobben.
Infrastruktur: Dersom eit område er knytt til det nasjonale nettverket med berre éin veg eller éi kraftlinje, er sårbarheita høgare.
Byggekvalitet: Gamle og dårlege bygningar fører til høgare sårbarheit, sidan dei toler mindre.
Likestilling: I område med lite likestilling er ofte kvinner meir sårbare fordi dei er økonomisk avhengige av mennene og har mindre moglegheit til å bevege seg raskt frå eit område.
Andelen av eldre: Eldre er mindre mobile og har ofte helseproblem. I eit område med mange eldre er den sosiale sårbarheita derfor høgare.
Andelen av barn: Også barn har mindre moglegheit til å komme seg raskt vekk frå ei farleg hending.
Når forskarar skal vurdere den sosiale sårbarheita, ser dei på faktorane ovanfor, og gjerne også fleire faktorar, for å avgjere kor sårbare ulike område og samfunn er.
Forskjellar
Noreg er eit godt utvikla land med relativt låg sosial sårbarheit. Likevel er det forskjellar internt i Noreg, og nokre område har høgare sosial sårbarheit enn andre. Det er forskjellar både mellom ulike regionar, mellom kommunar og internt i kommunar. Likevel er den sosiale sårbarheita i Noreg veldig låg samanlikna med andre område i verda.
Refleksjon
På bileta nedanfor får du treffe tre ulike familiar i Brasil og sjå kjøkkenet deira. Som du ser, kan det vere ganske store forskjellar internt i eit land. Kva for ein av desse familiane trur du har høgast og lågast sosial sårbarheit?
Når klimaet endrar seg, må vi menneske tilpasse oss. Vi må få ned klimagassutsleppa, men vi må også tilpasse oss dei endringane som allereie har skjedd eller sannsynlegvis kjem til å skje. Klimaendringane aukar sjansen for ulike naturhendingar ulike stader: tørke, flaum, orkan, hetebølger og så vidare.
Klimatilpassing og sårbarheit
Klimatilpassing er det vi gjer for å tilpasse samfunnet til dei klimaendringane som har skjedd eller er i ferd med å skje. Eit godt utvikla samfunn med høg utdanning, god infrastruktur og ikkje minst god økonomi kan tilpasse seg klimaet ganske godt.
I Noreg har vi dei siste åra flaumsikra mange elvar, noko vi har moglegheit til fordi vi er eit godt utvikla samfunn med god økonomi. I område der den sosiale sårbarheita er høgare, vil klimatilpassing vere mykje vanskelegare både for enkeltfamiliar og for samfunnet samla sett.
Ekstremvêr og sårbarheit
Som følgje av klimaendringane vil ulike område bli ramma av ulike natur- og vêrhendingar oftare, kraftigare eller begge deler. Dette blir raskt omtalt som ekstremvêr, og det kan skape naturkatastrofar.
Kor hardt desse hendingane rammar samfunnet, handlar om kor kraftig natur- eller vêrhendinga er. Men den kanskje mest avgjerande faktoren er om området som blir ramma, har høg grad av sosial sårbarheit.
Amundsen, B. (2013, 25.januar). Så sårbar er din kommune. Forskning.no. https://forskning.no/samfunnsokonomi-vaer-og-vind-miljoovervakning/sa-sarbar-er-din-kommune/662622
Lein, H. (2013). Om klimaendringer, samfunn og naturkatastrofer i et globalt perspektiv. I J. K. Rød (Red.), Mot en farligere fremtid? Om klimaendringer, sårbarhet og tilpasning i Norge (s. 17–29). Akademika forlag.
Lujala, P., Holand, I. S. & Rød, J. K. (2013). Sosial sårbarhet kartlagt for norske kommuner. I J. K. Rød (Red.), Mot en farligere fremtid? Om klimaendringer, sårbarhet og tilpasning i Norge (s. 109–126). Akademika forlag.
Relatert innhald
Her får du innblikk i ein familie i eit anna land, og du skal vurdere kor sårbar denne familien er i møte med klimaendringar og naturkatastrofar.