Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med filmen Motvind

I kortfilmen Motvind kjempar Birgit mot utbygging av vindmøller og slår seg ned i anleggsområdet i håp om å hindre utbygginga. Den lokale politibetjenten prøver å fjerne ho, noko som ikkje blir lettare av at vedkommande er mannen til Birgit.
Kvinne i gul regnjakke sit på toppen av ein knaus. Ho er godt kledd med ullgenser, lue og hanskar. Mellom føtene er ein liten ryggsekk, til sida ligg ein termos. Ein politimann står rett ved, med hendene i lommene på uniformsjakka. Begge stirer utover. Foto.

Del 1. Før de ser filmen

  1. Kva assosiasjonar får de til ordet "motvind"? Kva betyr ordet? Kan det ha fleire betydningar?

  2. Det finst ein organisasjon som heiter Motvind. Kva trur de denne organisasjonen står for ?

  3. Kjenner de til konfliktar om bruk av natur der de kjem frå eller andre stader? Kva handlar denne konflikten om? Korleis får folk fram kva dei meiner i den konflikten?

  4. Kvifor trur de filmen heiter Motvind?

Del 2. Sjå filmen Motvind

Sjå Motvind på bibliotektenesta Filmbib. Logg inn med Bibliotekkortet.

Del 3. Diskuter filmen

  1. Kva tenker de er bodskapen i filmen? Handlar filmen berre om kampen mot vindmøllene? Forklar.

  2. Kva gjer Birgit for å fram synet sitt på utbygging av vindmøller? Kva håper ho å oppnå med det ho gjer?

  3. Politibetjenten Trond foreslår ein annan framgangsmåte. Kvifor synest ikkje Birgit at dette er ei god løysing? Finn argument som støttar Tronds metode for å få gjennomslag for det ein vil oppnå.

  4. Kva trur de Trond meiner om vindmølleutbygginga? Kan Trond gjere det han tenker er rett i denne situasjonen? Forklar.

Jobb vidare med tematikken i filmen ved å gjere ein eller fleire av delane under.

Del 4. Korleis kan vi få fram kva vi meiner?

Politifolk ber ei ung kvinne iført samekofte gjennom ein korridor. Lenger nede i korridoren er det fleire politifolk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Korleis kan vi få fram kva vi meiner om ei sak? Lag ei liste.

  2. I filmen bruker Birgit ei aksjonsform som blir kalla "sivil ulydnad". Finn ut kva som blir meint med sivil ulydnad.

  3. Finn døme på situasjonar der nokon har brukt sivil ulydnad for å få fram standpunktet sitt. Kva er felles for slike aksjonar?

  4. Kjenne de døme der sivil ulydnad har gitt gjennomslag for dei som aksjonerte? Kan ein slik aksjon vere vellykka sjølv om ein ikkje får gjennomslag der og då? Forklar.

  5. Ta utgangspunkt i lista de laga i punkt 1. Kva framgangsmåte ville de brukt for å få fram synet dykkar i ei sak som er viktig for dykk? Er det nokre saker der de kunne tenkt dykk å bruke sivil ulydnad som verkemiddel?

Del 5. Kvifor skal vi ta vare på natur?

  1. Set dykk inn i ulike typar argument for å ta vare på natur og biologisk mangfald ved å lese artikkelen Kvifor skal vi ta vare på biomangfald?

  2. Kva argument bruker Birgit mot vindmølleutbygginga? Kva kategoriar høyrer desse argumenta heime i?

    • økologiske

    • økonomiske

    • etiske

    • estetiske

  3. Korleis trur de dei som avgjer om vindmøllene skal byggast eller ikkje, vil reagere på slike argument? Kva argument ville de brukt for å få stoppa denne vindmølleutbygginga?

  4. Argumenter for vindmølleutbygging. Finst det nokre argument som ikkje er i kategorien "økonomiske"? Diskuter.

  5. Tenk dykk at kommunestyret i kommunen der Birgit bur, får lista de har laga. Korleis trur de kommunestyret vil vektlegge dei ulike argumenta de har komme fram til? Kvifor er det slik, trur de?

De finn forslag til vidare arbeid i artikkelen Å setje pris på naturen.

Del 6. Interessekonfliktar

Set dykk inn i kva som blir meint med interessekonfliktar ved å lese artikkelen Interessekonfliktar.

  1. Kva interessekonfliktar dukkar opp i filmen? Forklar kvifor dette er interessekonfliktar. Kva går konfliktane ut på? Kven er partane i saka?

  2. Trur de det er mogleg å komme fram til eit som alle partar kan vere fornøgde med, i situasjonen i filmen? Diskuter mogleg kompromiss.

  3. Kjenner de til interessekonfliktar der det er ueinigheit om korleis vi skal forvalte naturen? Kva handlar dei om? Kven er partar i sakene? Vel ut ein eller to konfliktar, og kom med forslag til korleis konfliktane kan løysast.

  4. Diskuter påstanden "Viss alle partar er einige om at det er ein god idé å setje opp vindmøller i eit urørt fjellområde, så er det uansett rett å gjere dette".

Del 7. Lag din eigen slutt

Ta utgangspunkt i sluttscenen i filmen og skriv ei fortsetjing på handlinga.

  • Korleis går det med forholdet mellom Trond og Birgit?

  • Korleis blir det for Trond å komme tilbake på jobb?

  • Kva gjer den andre politimannen for å løyse situasjonen?

  • Korleis går det med vindmølleutbygginga?

Relatert innhald

Sivil ulydnad er ei aksjonsform på kant med lova, men som skjer i full offentlegheit. Kunne du tenkt deg å bruke sivil ulydnad for noko?

Kortfilm (13 minutt) om Birgit sin kamp mot vindmøller og for ekteskapet med Trond — politimannen som har komme for å fjerne henne.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2023

Læringsressursar

Kampen mot vindmøllene