Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ytringsfridom og sivil ulydnad

Kor går grensa for kva som er greit når det kjem til ytringsfridom og sivil ulydnad?
Ein aksjonist som har lenkja seg fast, blir klipt laus med bitetong. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sivil ulydnad

Viss du ønskjer merksemd om ei sak du brenn for, kan du bruke aksjonskanalen. Det finst mange forskjellige former for aksjonar som demonstrasjonar, underskriftsaksjonar eller boikott.

Viss du demonstrerer på ein måte som er i strid med eller på kant med lova, blir det kalla sivil ulydnad. Husokkupasjon, trafikkblokade og det å lenkje seg fast ved eit anlegg er døme på sivil ulydnad.

Sivil ulydnad er også ei form for bruk av ytringsfridommen. Du gjer andre merksame på ei sak du har sterke meiningar om.

Oppgåve 1

  1. Kva saker opptek deg slik at du vil bruke aksjonskanalen for å setje fokus på saka?
  2. Er det nokon saker du er villig til å gjere sivil ulydnad for? Argumenter for kvifor og vurder risiko opp mot merksemd om saka.
  3. Kor meiner du grensa går for kva som er greit når det gjeld sivil ulydnad? Skriv nokre stikkord for deg sjølv først og diskuter deretter med sidemannen.

Oppgåve 2

Dømet i eit av dei tverrfaglege opplegga "Kampen mot vindmøllene" handlar om eit planlagd vindkraftverk.

  1. Skriv først opp argument for og imot vindkraftverk.
  2. Drøft deretter korleis nokon som er imot vindkraftverket bør aksjonere for å hindre igangsetjing eller stoppe arbeidet.
  3. Kva kunne vore gjort før arbeidet med vindkraftverket blei vedteke?

Oppgåve 3

Er det saker i din kommune eller region som handlar om ein arealkonflikt eller miljøkonflikt når det gjeld utbygging?

  1. Kva er haldninga til fleirtalet der du bur? Er det ei vanskeleg sak som kan dele befolkninga?
  2. Kva meiner du? Hugs å argumentere for dine eigne meiningar.

Relatert innhald

Ved å aksjonere kan enkeltpersonar eller grupper rette merksemda mot ei sak for å prøve å påverke politiske avgjerder.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 13.02.2020

Læringsressursar

Kampen mot vindmøllene