Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Storm i kommentarfeltet

Du jobbar ved innbyggjartorget i Vindfjell kommune. Etter at kommunen har signert avtale om etablering av fleire vindturbinar i kommunen, tenkjer du at det er ein god idé å dele nyheita med kommunen sine innbyggjarar.

Ein god idé?

Du legg ut følgjande melding på kommunen si Facebook-side:

Facebook-post med melding om at en fiktiv kommune har inngått avtale om utbygging av vindturbiner. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du kjem tilbake etter lunsj, oppdagar du at det koker i kommentarfeltet under innlegget du nettopp la ut.

Oppgåve 1. Faktasjekk av påstandar

  1. Finn eksempel på påstandar i kommentarane over.
  2. Vel nokre påstandar og gjer ein faktasjekk. Bruk dei same kategoriane som på faktasjekken på Faktisk.
  3. Skriv inn påstandane i rett kategori under. Grunngi plasseringane du gjer.

Oppgåve 2. Skriv eit svar

  1. Samarbeid med ein medelev.
  2. Vel eitt innlegg som du skriv eit sakleg svar til.
  3. Send svaret til ein medelev. Vedkomande tek rolla som innbyggjar og responderer på svaret han eller ho har fått.
  4. Spel ut dialogen ved å bruke dette verktøyet som genererer SMS-dialogar.
  5. Ta vare på dialogen og diskuter i etterkant.

    1. Korleis var det å få svar på innlegget sitt?
    2. Korleis er forskjellen på måten ein opptrer på i eit kommentarfelt som privatperson samanlikna med når ein svarer på vegner av ein arbeidsgivar?

Relatert innhald

Kundar tek ofte kontakt med bedrifter på sosiale medium. Bedriftene må derfor ha folk som står klare til å svare på spørsmål frå kundar i desse kanalane.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2020

Læringsressursar

Kampen mot vindmøllene