Korleis gjere klesindustrien berekraftig?
I dette opplegget finn de fem oppgåver som handlar om klesindustrien og korleis han kan bli meir berekraftig. Oppgåvene kan gjerast individuelt, i mindre grupper eller felles i klassen, eller ein kombinasjon av dette; Vi tilrår å variere arbeidsmåtane. Oppgåvene inneheld forslag til organisering.
Tidsbruk for heile opplegget: ca. to–tre klokketimar.
Start med å reflektere rundt kva forholdet ditt til klede er. Er du oppteken av kva du har på deg? Syr du sjølv? Kjøper du helst nytt eller brukt? Kva er viktigast for deg når du kjøper klede? Er du mest oppteken av pris eller kvalitet?
Bruk gjerne IGP-metoden (individuelt, gruppe, plenum) til denne oppgåva. Start med individuell refleksjon i to–tre minutt. Gå deretter saman i grupper, og reflekter saman i fem minutt. Til slutt kan de reflektere i plenum, med læraren som styrer refleksjonen.
Sjå videoen under. Her blir det forklart kva den økonomiske, miljømessige og sosiale dimensjonen ved berekraftig utvikling er.
Lag eit skjema tilsvarande det de ser under. Med den forkunnskapen de allereie har, skal de no komme med ulike utfordringar i klesindustrien, knytt til kvar av dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling. Tenk på alle dei ulike ledda i klesindustrien: uthenting av råvarer, design, produksjon, distribusjon og sal, bruk, gjenbruk og reparasjon og resirkulering eller avfall. Denne oppgåva kan de gjerne gjere i plenum.
No skal du undersøke klesindustrien nærare. Målet er at du skal finne minst tre nye kulepunkt som du kan fylle inn i skjemaet de har laga. Sjå om du kan finne kulepunkt til alle dei tre dimensjonane. Du kan gjerne ta for deg fleire av dei ulike ledda i klesindustrien. Bruk minst to av desse kjeldene til arbeidet:
Artikkel, NRK: På "kirkegården i klesindustrien" i Chiles ørken
Utdrag frå serien "Sweatshop", Aftenposten:
No skal de undersøke korleis ulike bedrifter i klesindustrien jobbar med berekraft. Hugs å ta omsyn til alle dei tre dimensjonane ved berekraftsomgrepet når de undersøker bedriftene.
Gå saman i grupper på minst fem personar. Kvar person på gruppa skal undersøke ei bedrift som gjer noko med berekraftsutfordringane klesindustrien har. De kan ta utgangspunkt i følgande spørsmål:
Kva gjer bedrifta med tanke på berekraft?
Kva for ein av dimensjonane ved berekraftsomgrepet gjer bedrifta noko med?
Er det eit bestemt ledd i klesindustrien bedrifta gjer noko med?
Synest de det bedrifta gjer, er rett og viktig for å gjere klesindustrien meir berekraftig?
Er det noka form for grønvasking i det bedrifta gjer? (Les artikkelen om grønvasking om du treng meir informasjon om det.)
Gå saman i gruppa igjen til slutt. Kvar person bruker to–tre minutt på å presentere bedrifta dei har undersøkt. Når alle er ferdige, kan de diskutere i fellesskap:
Kva for ei av bedriftene bidreg mest til å gjere klesindustrien meir berekraftig?
Kva meiner de er dei viktigaste tiltaka for å gjere klesindustrien meir berekraftig?
Har de nye forslag og idéar til produkt eller tenester som kan gjere klesindustrien meir berekraftig?
Podkast til vidare fordjuping (10–12 min per episode):
Podkast, NRK: Bærekraftig klesbransje, del 1: Forbruket
Podkast, NRK: Bærekraftig klesbransje, del 2: Miljømerking
Podkast, NRK: Bærekraftig klesbransje, del 3: Reparasjon
Podkast, NRK: Bærekraftig klesbransje, del 4: Plastklær
Podkast, NRK: Bærekraftig klesbransje, del 5: Digitalt design
Artikkel til vidare fordjuping:
Relatert innhald
Undersøk kva materiale kleda dine er laga av. Vel eitt eller fleire plagg du vil redesigne. Saum om og lag klede som ikkje "alle andre" har.
Mange klede spreier miljøfarleg mikroplast i naturen. Undersøk problemet og prøv å finne løysingar.